Arvid Karl Birkeland har fått opprykk til dosent

Den nye dosenten Arvid Karl Birkeland ved Fakultet for helse- og sosialvitskap jobbar med to vidareutdanningar i rehabilitering. På ønskelista står meir forskingsmidlar til heimesjukepleien.

-  Kva forskingsgruppe høyrer du til?

-  Eg har drive både med forsking og utviklingsarbeid (FOU), og dei fleste utviklingsprosjekta har vore knytta til FOUSAM, som er ei felles forskings- og utviklingseining mellom Helse Fonna helseføretak, Høgskulen på Vestlandet og 18 kommunar. Ein del av forskningsaktiviteten min har gått ut, men noko har vore knytta til eit rehabiliteringsprosjekt ved Helsedirektoratet og Senter for Omsorgsforsking i Bergen. Noko har også vore knytta til Folkehelse og samhandling, ei lokal forskingsgruppe hos campus Haugesund og Stord. For å bli dosent krevst det eit omfattande pedagogisk utviklingsarbeid, og det er stort sett her eg har skrive lærebøker og drive med vidareutdanning i rehabilitering dei siste åra.

- Kva forskar du på? 

- Mitt forskings og utviklingsarbeid har i hovedsak vært knyttet til psykisk helsearbeid i kommunene, hjemmesykepleie og rehabilitering. Jeg har lagt vekt på at FOU – arbeidet har hatt et praktisk/klinisk tilsnitt, herunder hvilke opplevelser pasienter og ansatte har i tilknytning til den situasjonen de befinner seg i. Mye av forskningen har derfor dreid seg om intervjuer med pasienter og ansatte. Spesielt har det dreid seg om pasienters psykososiale situasjon, herunder ensomhet og sosial isolasjon, og gjennomføring og organisering av rehabilitering. 

- Korleis starta forskarkarrieren din?

- På Universitetet i Bergen leverte eg ei avhandling som eg presenterte i artikkelform etterpå. Så kom NOKUT sitt krav til meir førstekompetanse i bachelorutdanningane, og i samband med det var det mogleg å få FOU-midlar, som resulterte i at eg gjekk i gong med eit større forskingsprosjekt. Deretter har eg heldt fram med ulike prosjekt.

- Kan du trekke fram eitt eller fleire forskingsprosjekt som du jobbar med no?

- For tida har eg meir enn nok med å drive to vidareutdanningar, og eg har derfor ikkje noko tid til forskings- og utviklingsarbeid. Eg har uferdige artiklar liggande, og eg har også prøvd å komme i gong med eit forskingsprosjekt om dag-avdelingar/dagtilbud til eldre i kommunane. Det vil krevje tid, så eg får sjå kva det blir framover. 

- Dersom du fekk uavgrensa med midlar og tid – kva ville du ha forska på då?

- Det er mange ting i heimesjukepleia og i heimetenestene som ikkje er forska på, og som det trengst meir kunnskap om. Dette sjølv om omsorg og pleie, særleg eldreomsorg, får stor politisk merksemd. Alt frå korleis tenesten er organisert til rutinar for administrering av legemidlar manglar det forsking på. Tenesten er etter mitt syn ofte prega av overordna politiske og økonomisk administrative føringar, og i liten grad av fagkunnskap. Det er auka forskingsaktivitet på området, men eg ville ha putta inn ein del meir forskingsmidlar på dette.

Vi gratulerer med opprykk!