Hanne Kristin Tuntland har fått opprykk til dosent

Forskarkarrieren til Hanne Kristin Tuntland ved Institutt for helse og funksjon begynte med innføring av kvardagsrehabilitering i Voss kommune. Dette temaet jobbar ho også med som dosent.

- Kva forskingsgruppe høyrer du til?

- Eg høyrer til forskargruppa Rehabilitering og helsefremming ved Fakultet for helse- og sosialvitskap ved HVL. Eg er også med i eit internasjonalt forskarnettverk på kvardagsrehabilitering, kalla Reable.

- Kva forskar du på? 

- Som dosent forskar eg på rehabilitering, spesifikt av eldre mennesker. Det eg er mest interessert i, er kvardagsrehabilitering, eit tema som eg også har ein doktorgrad i. Kvardagsrehabilitering er ei relativt ny form for rehabilitering for heimebuande eldre personar med funksjonsfall.

- Korleis starta forskarkarrieren din?

- Først vil eg seie at dosentkompetansen ikkje berre handlar om forsking, men også mykje om pedagogisk utviklingsarbeid. For min del starta kvalifiseringa mot dosent med akkurat det, i form av utarbeiding av nye lærebøker for bachelorstudentar i helsefag. Forskarkarrieren begynte for alvor i 2012, då vi initierte innføring av kvardagsrehabilitering i Voss kommune og følgde opp dette med forsking. Seinere deltok eg i ein omfattande følgeforskingsstudie på kvardagsrehabilitering i Noreg, i regi av Senter for Omsorgsforskning Vest.

- Kan du trekke fram eitt eller fleire forskingsprosjekt som du jobbar med no?

- For tida deltek eg ikkje i nokre empiriske studiar. Vi har framleis mykje datamateriale frå den nasjonale følgeforskinga som er ikkje er nytta endå. Eg bidrar no som medforfattar på fire vitskaplege artiklar basert på dette materialet. Dei handlar om kvardagsrehabilitering til personar med utviklingshemming, og ein er ein tverrsnittstudie om eldre personar sine aktivitetsval. I tillegg skal vi i det internasjonale forskarnettverket Reable gje ut ein vitskapeleg antologi, der eg er medforfattar.

- Dersom du fekk uavgrensa med midlar og tid – kva ville du ha forska på då?

- Det er ikkje noko eg har tenkt på før, for ein slik situasjon er utopisk. Men, dersom eg hadde moglegheita, ville eg ha sette i gong ein stor, internasjonal effektstudie på kvardagsrehabilitering. Det er allereie publisert seks systematiske oversiktar på dette, men få randomiserte, kontrollerte studiar er inkluderte i slike oversiktar. Så det er framleis eit stort behov for empirisk forsking, spesielt effektstudiar som inkluderer mange hundre deltakarar og som følger opp deltakarane to-tre år etter avslutta rehabilitering.

Vi gratulerer med opprykk!