Markering av nytt doktorgradsstudium

Tysdag markerte HVL at vi har fått på plass eit nytt doktorgradsprogram. Doktorgradsstudiet er i datateknologi, og er vår andre doktorgrad som er godkjent av NOKUT.

Rektor Rokne var på plass på opninga for å gratulere og overrekke blomster til dei som har jobba fram dette ph.d-studiet.

Ein milepæl

Doktorgradsstudiet er ei viktig strategisk satsing for HVL.

– Dette er ein strategisk viktig milepæl for HVL, seier rektor Berit Rokne. Med to ph.d.-studium på plass, treng vi berre to til for å kunne søke om å bli universitet. I dag er vi altså halvvegs til å få universitetsstatus.

Vegen vidare

Professor Lars Michael Kristensen har leda arbeidsgruppa som har jobba fram det nye doktorgradsstudiet. Han presiserer at arbeidet ikkje er over, og han ser fram til vegen vidare.

– Det er no det starter på det faglige plan, seier Kristensen. No blir det viktig for oss å posisjonere oss regionalt med dette doktorgradsstudiet.  

IKT er eit fagfelt som er viktig i stort sett alle delar av samfunnet vårt. Det er eit stort behov for meir kompetanse og økt forsking innan dette fagfeltet. Programmet vil truleg dekke eit nasjonalt behov etter forsking og ph.d-utdanna fagfolk innan IKT

Tverrfaglig forsking

Med eit eige doktorgradsprogram vil HVL no ha ansvar for sine eigne stipendiatar innan fagområdet, frå opptak til disputas.

– Vi kan no tilby eit samanhengande studieløp frå bachelor via master til doktorgrad, seier dekan Geir Anton Johansen. No står vi friare til å definere eigne forskingsretningar for stipendiatprosjekt, og vi også opne opp for auka tverrfagleg forsking.

Det nye ph.d-studiet i datateknologi er delt inn i tre tema, programvareutvikling, sensornettverk og beregningsorientert ingeniørvitskap. For tida er det 14 aktive stipendiatar og 9 utlyste stipendstillingar knytt til det nye doktorgradsstudiet. 

Les meir om ph.d.-programmet i Datateknologi her