Positive tilbakemeldingar i NOKUT-rapport

Våren 2019 har NOKUT hatt tilsyn med det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane ved HVL. - Vi er veldig nøgde med rapporten, seier prorektor for utdanning ved HVL Bjørg Kristin Selvik.

Etter å ha sendt inn dokumentasjon for 10 studieprogram og institusjonen samla sett, var ein komité på institusjonsbesøk i april. Denne typen tilsyn kan ha tre utfall: Tilfredsstillande, einskilde manglar og vesentlege manglar.

– Rapporten viser at vi er på rett veg i utviklinga av det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane ved HVL, seier Selvik . Mellom anna peiker rapporten på at "HVL har hatt ein grundig forankringsprosess av det nye rammeverket og er godt i gang med implementeringa. Rammeverket er lagt opp på ein måte som gjer at komiteen har tillit til at HVL vil kunne bruke kunnskap frå systemet til å utvikle kvaliteten i studietilboda, avdekke og rette opp eventuelt sviktande kvalitet."

Komiteen peiker likevel på einskilde manglar på eit område som treng tiltak før HVL kan få godkjent: Tydeleggjering av kven som er ansvarleg for kontroll av krava til fagmiljø i studietilsynsforskrifta §2-3, og korleis denne gjennomførast.

Styret ved HVL vedtok rammene for nytt felles kvalitetssystem i november 2018. Fram til dette var det kvalitetssystema ved dei tre tidlegare institusjonane som gjaldt.

– Det er klart at det var utfordrande med tilsyn samstundes som HVL framleis har så mange utviklingsprosessar som pågår, seier Selvik.

– I tillegg var det jo frå 1. januar dei administrative tilsette ved HVL vart innplassert. Men rapporten stadfestar at det blir gjort mykje godt kvalitetsarbeid i utdanningane ved HVL og viser at vi er på rett veg, og det er godt å ta med seg i det vidare arbeidet. Tilrådingane komiteen kjem med er også nyttige og i stor grad i tråd med dei områda vi har valt å ha særleg fokus på i 2019, seier ho.

Sidan HVL sendte inn dokumentasjon og hadde besøk frå komiteen har ein nådd fleire milepelar. Mellom anna har styret vedteke modell for studieportefølje og vi er i gang med pilotar på periodiske evalueringar. Det er også fastsett dato for HVL sin første kvalitetskonferanse: 6. November.

– Tilbakemeldingane frå komiteen, kombinert med utviklingsprosessane vi gjennomfører, gjer meg trygg på at HVL er på rett veg i det systematiske arbeidet med kvalitet, avsluttar prorektor for utdanning.