Samfunnsfaga satsar på relevant arbeidserfaring

Arbeidslivet endrar seg raskt og stiller aukande krav til kompetanse. Samfunnsfaga ved HVL tar grep og gjer utdanningane sine enda meir arbeidslivsrelevante.

Det norske samfunns- og arbeidslivet er i endring. Moglegheitene knytt til bl.a. digitalisering, globalisering, det grøne skiftet og dei demografiske utfordingane vi står overfor, alt påverkar behovet for arbeidskraft og måtane vi jobbar på. – Våre kandidatar skal stille sterkare på arbeidsmarknaden og skal vere klare til å møte framtida. Difor har vi sett fokus på arbeidslivsrelevans i våre utdanningar, seier Irina Pavlova frå Institutt for samfunnsvitskap i Sogndal.

Praksis som verdifull læringsarena

Som den einaste høgare utdanningsinstitusjonen i Noreg har fagmiljøet starta opp med obligatorisk praksis i historie- og sosiologiutdanninga denne hausten.

– Obligatorisk praksis i desse disiplinfaga er noko nytt som ingen andre universitet eller høgskular i Noreg tilbyr. Fleire universitet har satt i gang med valfrie praksisemne på disiplinutdanningane sine, men vi er først ute med «praksis for alle» og det har kravd mykje planlegging for fagmiljøa, fortel Pavlova.

Målet med pilotprosjektet er å tilby eit enda meir arbeidslivsretta bachelorstudium. Og tilbakemeldingane er positive.

– Vi har no tretti tredjeårsstudentar frå historie og sosiologi ute i sju vekers praksis for første gang og dei set veldig stor pris på moglegheitene dei får gjennom praksisopphaldet. Dei får både relevant arbeidserfaring og kan knytte kontaktar i arbeidslivet medan dei studerer. Også arbeidsgivarane i regionen har ei veldig positiv haldning til dette arbeidslivsretta samarbeidsinitiativet. Mange av våre praksisplassar har aldri hatt praksisstudentar frå høgskulen før – vi er såleis med å utvikle eit nytt praksisfelt og nye samarbeidspartnarar til høgskulen, seier Pavlova.

Dei fleste studentane har funne seg praksisplass i regionen, nokon har reist lengre og ein har dratt utanlands og har praksisopphaldet sitt ved Collective Aid NGO i Serbia.

Tre studentar jobbar i administrasjonen ved HVL, der dei har gått gjennom alle emneplanar og kartlagt bruken av arbeidskrav. Studentane sin rapport, «Analyse av arbeidskrav HVL studieåret 2019-20», er ein del av grunnlaget for protokollen Utdanningsutvalet skal leggje fram om korleis ein skal jobbe med arbeidskrav ved HVL. – Studentane opplever praksis som ein svært verdifull læringsarena når dei kan bidra med eit viktig arbeid.

Fleire tiltak skal gjere disiplinutdanningane meir arbeidslivsrelevante

Innføringa av praksis for alle bachelorstudentar er berre eitt døme på korleis fagmiljøet jobbar med å auke arbeidslivsrelevansen i studia. På sosiologiutdanninga blei det innført eit nytt emne som heiter «Arbeidssosiologi med metode». Her blir studentane kjende med forskjellige sosiologiske perspektiv på arbeid, og dei får nokre metodiske peikepinnar som dei kan bruke dersom dei ynskjer å prøve seg med eit lite forskingsprosjekt i praksisperioden, som dei kan skrive om i bacheloroppgåva.

– I tillegg skal vi arrangere årlege arbeidslivsseminar med mentorar og studentar frå våren 2020, og vi skal auke fokuset på skriving av bacheloroppgåver med utgangspunkt i behova i arbeidslivet.

Blei bedt om å gi innspel til NOKUT

Når NOKUT skal evaluere arbeidslivsrelevansen til disiplinutdanningar i Noreg skal bachelorutdanninga i sosiologi og ungdomssosiologi kome med innspel. Sentrale spørsmål i evalueringa dreiar seg om kva arbeidslivsrelevans er i disiplinfaga, kva tiltak eller læringsaktivitetar som finst for auka relevans og kopling til arbeidslivet og korleis tiltaka fungerer.

Sosiologiutdanninga i Sogndal var valt ut som eitt av fire samfunnsvitskapelege program. Til saman skal elleve disiplinutdanningar frå humaniora, matematisk-naturvitskaplege fag og samfunnsvitskap i Noreg danne grunnlaget for evalueringa som skal vere kunnskapsgenererande.

– Vi har fått tilsendt ei rekkje spørsmål om både korleis vi forstår arbeidslivsrelevans og korleis vi heilt konkret jobbar med arbeidslivsrelevans hjå oss. Desse skal sendast tilbake til NOKUT innan 8. desember, fortel Pavlova.

NOKUT-prosjektet er knytt til Kunnskapsdepartementet sitt arbeid med stortingsmeldinga «Arbeidsrelevansmeldingen – Samarbeid mellom høyere utdanning og arbeidslivet» som kjem våren 2021. NOKUT skal levere eit utkast til evalueringsrapport seinast 1. juni 2020.