Prisdryss til bachelorstudentar

Onsdag 24. januar var det høgtideleg utdeling av prisar for dei beste bacheloroppgåvene i 2017 på Fakultet for ingeniør- og naturvitskap i Bergen.

- Det er veldig kjekt å kunne dele ut prisar for dei beste bacheloroppgåvene våre, i samarbeid med våre eksterne støttespelarar, sa juryleiar og høgskulelektor ved HVL, Øyvind Midtbø Berge under prisutdelinga.

Føremålet med prisane er å inspirere og motivere studentar til å legge ned ein ekstra innsats i bachelorprosjekta sine, og juryleiaren understreka at svært mange gode oppgåver hadde blitt nominerte.

- Den tverrfaglige juryen har hatt ein tøff jobb, men har landa på fire verdige vinnarar, sa Berge.

Desse prisane blei delte ut:

Lehmkul-prisen

Kristofer Lehmkul-prisen går til studentar som har gjort ein særskild innsats som har praktisk betydning for næringslivet. Årets pris gjekk til studentane Morten P. Stien, Emil Haugen, Peter A.S. Johansen og Torbjørn N. Malnes frå Undervannsteknologi - drift og vedlikehold, som hadde skrive oppgåva «Design og forberedelser til produksjon av tiltebord for industriell bruk» i samarbeid med oljeserviceselskapet TechnipFMC.Lehmkul-prisvinnarane Morten P. Stien, Peter A.S. Johansen og Torbjørn N. Malnes saman med prisutdelar Kari Bernardini.

Frank Mohn-prisen

Frank Mohn AS deler kvart år ut ein pris til studentar som har vist spesielt god innsikt og evne til kreativitet. Årets prisvinnarar var trioen Sigrid Isdal, Amalie Korsmo Hammeren og Kiruja Kandiah Ramachandran frå Institutt for Bio- og kjemifag (IBK). Dei hadde skrive oppgåva «Etablering av molekylærpatologiske teknikker for karakterisering av kromosomalt rearrangement i leukemiceller og muskelprotein i vev fra levende/død». Dei tre studentane har mellom anna vore involvert i utviklinga av eit nytt laboratoriekurs i patologi ved HVL.

ABB-prisen

ABB deler ut ein pris til studentar som har vist spesiell god innsikt og evne til problemløysing innan elektro, maskin eller IT. Årets vinnarar var Åse Venke Hodnefjell, Line Hølleland og Kristine F. Roald frå Produksjonsteknikk, som hadde skrive oppgåva «Uncertainty Analysis of Field Kelvin Probe», i samarbeid med Christian Michelsen Research.

 

NITO-prisen

NITO-prisen blir delt ut til studentar som har levert oppgåva med størst innovasjonspotensiale. Vinnarane blei Eivind Lervik, Michelle Sæther Nassif og Pål Vårdal Gjerde frå Institutt for data- og realfag. Dei hadde skrive oppgåva «Øyriker – Et motivasjonspill for elever!», i samarbeid med Olsvikåsen vidaregåande skule.

 

I tillegg til dei fire prisane for studentar ved Fakultet for ingeniør- og naturvitenskap, blei det delt ut prisar for beste maritime oppgåver ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Kim Kristoffersen, Kathinka Bratland, Øyvind Hokland og Jesper Flingtorp gjekk til topps i kåringa.