Randi Neteland vann lærebokpris

Førsteamanuensis Randi Neteland er vinnar av Universitetsforlagets lærebokpris for 2018. Tema for boka er høgaktuelt – korleis skal grunnskulelærarstudentar lukkast med masteroppgåva?

Boka som Randi Neteland og medredaktør Leiv Inge Aa jobbar med heiter «Master i norsk. Innføring i metode for lærerstudenter». Universitetsforlaget omtalar bokprosjektet som nybrottsarbeid.

– Det er litt rart å få pris for noko ein enno ikkje har gjort! No må vi jo berre gjennomføre, ler ho.

Prisen på 100 000 kroner og lovnad om utgiving på Universitetsforlaget ble høgtidleg overrekt på Universitetsforlagets sommerfest i Aschehougs representasjonsvilla tysdag denne veka.

Får med seg fleire frå HVL

Neteland deler prisen med Leiv Inge Aa, førsteamanuensis ved Institutt for lærerutdanning ved NTNU. Dei har rekruttert forskarar frå fagmiljøa sine til å bidra med tekstar til boka.

Til saman 20 forfattarar frå HVL, NTNU, Høgskulen i Volda og Høgskolen i Østfold skal skrive kvart sitt kapittel om relevante emne i norskfaget.

– Vi ønskjer at boka skal fungere som eit oppslagsverk der studentane kan slå opp og lese om akkurat den forskingsmetoden dei treng i arbeidet med masteroppgåva, seier Neteland.

Dei som startar på grunnskulelærarutdanninga i år tar fatt på sine masteroppgåver i 2020. Neteland håpar at dei som vel å fordjupe seg i norskfaget skal få nytte av boka.

– Dei treng ei bok som handlar om metodane dei kan bruke. I denne boka vil dei få steg for steg-forklaringar om korleis dei skal gå fram for å oppnå gode masteroppgåver med høg vitskapeleg kvalitet, seier ho.

Her er juryen sin omtale:

Årets prisvinnere går sammen om å skape en lærebok som har en helt spesiell aktualitet. På en utmerket og solid måte har forfatterteamet gjort et godt utvalg av aktuelle områder og metoder som kan inspirere og opplyse enhver kommende masterstudent i norsk. I prøvekapitlet evner forfatteren å presentere et komplekst stoff (korpusmetodologi) på en engasjerende, pedagogisk og lett forståelig måte. Boka vil være svært nyttig for masterstudentene i norsk og lærerne deres og kunne gå inn som pensumbok i kurs i forskningsmetode på studiet.

Dette er andre år på rad at denne prisen går til ein HVL-tilsett. Her kan du lese om då Jarle Diesen fekk prisen i 2017.