Her kan du lese rapporten frå campusutviklingsprosjektet på Stord

I løpet av dei siste månadene har tilsette og studentar både frå Stord og andre campus arbeid fram forslag til korleis campus Stord kan utviklast til eit meir levande campus. No ligg rapporten frå arbeidsgruppa klar.

Høgskulen på Vestlandet skal i gong med campusutviklingsprosjekt ved alle sine fem campus. Stord har vore første campus og nyleg presenterte arbeidsgruppa sin rapport til strategisk leiargruppe. 

Her kan du lese rapporten. 

- Oppdraget har vore å jobba fram ulike idear og diskutere seg fram til forslag om tiltak og konsept som kan auke campus Stord sin attraktivitet som studiestad, og som samarbeids- og utviklingspartnar i regionen, seier Paul J. Manger, prosjektleiar for prosjekt campusutvikling.

Rapporten er tydelege på at dette ikkje er sluttstreken for prosjekt campusutvikling ved campus Stord.

- I forslaga frå arbeidsgruppa har vi sett opp tiltak som vi meiner kan følgjast opp allereie våren 2021. Dette vil krevje involvering frå fleire partar og ei tydeleg ansvarsfordeling, seier Tage Båtsvik organisasjonsdirektør ved HVL som har leia arbeidsgruppa.

Fire hovudpunkt til vidare utvikling

Arbeidsgruppa har formulert fire hovudpunkt som skal utgjere den samla tiltaksplanen for campusutvikling på Stord. Planen inneheld fleire element og er basert på forslag frå dei tre prosjektgruppene som har vore sett ned. Dei fire hovudpunkta er sette opp slik:  

  1. Fagmiljø og utdanningstilbod  

Satse meir på samarbeid mellom fakulteta på campus om utvikling av nye utdanningstilbod, samt tilby fleire campusoverskridande utdanningar; til dømes bachelor i vernepleie, barnevernspedagogutdanning, bachelor i velferdsfag, samt master i innovasjon og entreprenørskap.

  1. Ein attraktivt og god (fysisk) campus

Lage ein heilskapleg arealutviklingsplan av campusområdet som er knytt til utdanningstilbodet, -men også knytt til sosiale møteplassar.

3. Samhandling mellom administrative støttetenester

Sikra betre koordinering av tenester på campus, på tvers av administrative einingar;  til dømes ved oppstart av nytilsette, mottak av internasjonale studentar og ved arrangement på campus.

4. Samhandling med samfunns- og næringsliv

Styrke samarbeidet med Stord kommune slik at kommunen kan bli ein meir attraktiv bu-, arbeids- og studiestad og den samla rekrutteringa til campus Stord kan aukast. Ser moglegheiter for eit betydeleg tettare samarbeid mellom HVL og folkehøgskulane i regionen.  Dette vil kunne komme både studentane og elevane til gode.

- Den samla tiltaksplanen bygger på ulike elementer frå campusverkstaden som var oppstart av prosjektet i fjor. Vinnarkonseptet den gongen var “Campus Stord - med havet som læringsarena”. Sjølv om prosjektgruppene og arbeidsgruppa ikkje har konkret vidareutviklet denne profilen, tok gruppene med mange ulike idear frå verkstaden, seier Båtsvik.

stupebrett16-9.jpg

Tok studentane sine stemmer på alvor

Ei av dei som har vore involvert i arbeidsgruppa er Marie Moilanen Kettunen frå Studenttinget.

- Arbeidet med rapporten har vore veldig spannande. Det har vore utroleg kjekt å jobba samen med så mange av dei tilsette. Eg opplevde at dei tok studentane sine stemmer på alvor.

Allereie tidleg i prosjektet viste det seg at det var vanskeleg å skapa studentmedverknad, men dette vart godt løyst med god hjelp frå studentcampusrådet. I tillegg utførte arbeidsgruppa fokusgruppeintervju med studentar frå nesten alle utdanningane på campus.

leng for å aktivt arbeida videre for at campus Stord skal bli ein god og attraktiv arbeidsplass for både studentar og tilsette, avsluttar Kettunen.

 Treng fleire fleksible, digitaliserte og desentraliserte utdanningstilbod

- Dette har vore ein interessant og bevisstgjerande prosess, fortel Georg Førland. Han leiar Institutt for helse og omsorgsvitskap, og har leiaprosjektgruppa frå fakultet for helse og sosialvitskap .  

Prosjektgruppa han har leia har spesielt sett på behovet for kompetanse i framtida.

- Behovet visar at utdanningsinstitusjonar som HVL framover må sjå meir på om ein kan tilby fleksible, digitaliserte og desentraliserte utdanningstilbod som kan la seg kombinere med arbeids- og familieliv. Årets gode søkjartala til campus Haugesund sin nye deltidsstudium i vernepleie visar at denne type utdanningar er enormt ettertrakta. Her kjempar 265 førstevalssøkarar om 27 studieplassar. Vi treng fleire slike utdanningstilbod også på campus Stord, seier Førland.

-Det har vert flott å få bidra i eit slikt prosjekt, der ein får sett på eigen organisasjon med nye auge og utanfrå blikk, seier Janne Halvorsen Kleppe. Hu er assisterande institutt leiar for pedagogikk, religion og samfunnsfag, og har leia prosjektgruppa frå fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Prosjektgruppa hu har leia har hatt eit klart fokus på utdanning og forsking.

-Arbeidet med campusutviklingsprosjektet har vore spanande men og krevjande. der me har lagt vekt på å koma fram til tiltak som både har vore nyskapande og attraktive med appell til potensielle søkjarar , samtidig som dei skal vera realistiske å gjennomføra, seier Kleppe.   

 Ei tydeleg behovsanalyse

- Campus Stord er ein tradisjonsrik campus med fleire verna bygg og det vart tidleg i prosessen tydeleg at campusen har store bygningsmessige utfordringar, seier Haakon Georg Moe, einingsleiar for avdeling for drift og utvikling.

Moe starta som einingsleiar ved HVL i august 2020, og fekk raskt satt i gong eit omfattande arbeid med å lage ein tilstandsrapport.

- No håpar eg at HVL-styret og Statsbygg si leiing ser verdien av å tilføre sårt etterlengta budsjettmidlar til oppgradering av den flotte bygningsmassen på Stord, seier Moe.

Fleire campus i framgang med utviklingsprosjekt

Både campus Førde og campus Haugesund er godt i gong med sine campusutviklingsprosjekt. Dei har begge hatt campusverkstad og har satt ned prosjektgrupper som er i gong med å utarbeide rapportar til dei overordna arbeidsgruppene. Rapport og tiltaksplan for campus Førde skal leggjast fram for strategisk leiargruppe i juni 2021 og for campus Haugesund hausten 2021.

Du kan lese meir om campusutviklingsprosjektet her.