Satsar stort i Førde

Fylkestinget i Sogn og Fjordane løyva nyleg 15 millionar kroner til etablering og utvikling av verftsområdet på Øyrane i Førde. Satsinga skal styrke koplinga mellom utdanningsinstitusjonar og næringsliv og legge til rette for innovasjon og regional utvikling.

Verftsområdet har eit areal på 18.000 kvadratmeter under tak, høghallar for testfasilitetar, sjøtilgang, kranar og meir. Brorparten av arealet er i dag i bruk av ulike bedrifter. 

Etter planen skal lokala fyllast opp med nytt oppdatert teknologisk utstyr som mogleggjer innovasjon og utvikling for regionen. Fasilitetane skal legge til rette for eit tettare samarbeid mellom teknologimiljøa ved HVL, Fagskulen og næringslivet

Vinn-vinn for alle partar

- Gode labfasilitetar er viktig for kvaliteten i utdanningsløpet. Å dele fasilitetar er kostnadseffektivt og det blir lettare å tilby moderne utstyr til studentane. Samtidig får næringslivet tilgang på utstyr dei kanskje elles ikkje ville ha hatt, kommenterer dekan ved Fakutet for ingeniør- og naturvitskap ved HVL Geir Anton Johansen. 

Han legg til at det pågår eit nasjonalt prosjekt der ein vil legge til rette for at  fagskuleutdannna kandidatar kan gjennomføre ingeniørutdanning på to år. I første omgang vil dette gjelde elektro, bygg og maskin.

- For oss vil det bidra til å styrke rekrutteringa. Næringslivet vil også få gode kandidatar som både har fagbrev og ingeniørutdanning, fortel han. 

Vil skape eit innovativt miljø i Førde

Sogn og Fjordane har behov for å styrke koplinga mellom utdanningsinstitusjonane og næringslivet. I tida framover er det viktig at utdanningsmiljøa og FoU-miljøa blir endå meir relevante for næringslivet, heiter det i saksframlegget til Fylkestinget. 

Campus Førde verftet er eit svar på dette. Å auke forskings- og utviklingsaktivitet og innovasjonsprosessar i samarbeid med næringslivet er ei sentral satsing i prosjektet. Prosjektet skal også legge til rette for teknologisatsing gjennom heile utdanningsløpet, frå grunnskule, vidaregåande, fagskule og høgskule.

Målet er mellom anna å utvikle eit unikt innovativt miljø, gjere Førde til ein attraktiv studiestad og dekke næringslivet sitt behov for kompetanse og teknologiutvikling.

HVL går også inn med ressursar i prosjektet og saka skal opp til drøfting i styret ved HVL i mai.