Senter for omsorgsforsking feirar ti år

Kva skal ligge til grunn for framtidas eldreomsorg, i ei tid der kulla med eldre veks? Senter for omsorgsforsking har mange svar, og mange vidare forskingsspørsmål.

Fredag 8. juni feirar senteret tiårs-jubileet sitt, med seminar og internasjonalt forskarbesøk. Gjennom dei første ti åra kan dei vise til sterke resultat når det gjeld å få inn midlar til og gjennomføre forsking på eldreomsorg. Mellom anna har Lindås-prosjektet vore banebrytande i Norden, samt forskinga deira på kvardagsrehabilitering. For tida jobbar forskarane med eit stort prosjekt om multikulturelle stabsfunksjonar i sjukeheimar, noko det heller ikkje har vore gjort så mykje av før.

- I samband med jubileet setter vi lys på eit spørsmål vi har jobba med i eit internasjonalt perspektiv over fleire år, nemleg: Kva dei mest lovande praksisane innan eldreomsorg i ulike land? Her har vi fått fleire konkrete svar, seier forskingsleiar Frode F. Jacobsen.

Noreg og Sverige i ein liga for seg sjølv

Forskingsprosjektet er åtteårig, og det er første gong vi får eit internasjonalt samanliknande perspektiv på norske sjukeheimar. I ein sektor der vi ofte er vane med dårlege nyhende og skandalar, er mange av resultata oppløftande. Sjukeheimar i Noreg og Sverige blir sett for å vere i ein annan liga enn dei fire andre landa som er med i studien: Canada, USA, Tyskland og Storbritannia.

- Spesielt for Noreg er resultata på mange parameter mykje betre, når vi målar kvalitet. Ein av tinga forskarane i nettverket seier klart til oss, er: «Styr unna privatisering!» seier forskar Tone Elin Mekki.

- Den låge graden av privatisering viser seg å vere ein av dei lovande praksisane i Norden. For privatisering er ein faktor som gjer at kvaliteten går ned og utbyttet til investorane opp.

Eit breitt konsortium av forskarar frå mange forskjellige fagfelt har vore med på prosjektet, mellom anna sosiologar, antropologar, statsvitarar og filosofar. Prosjektet skal munne ut i ei bok om mest lovande praksisar i sjukeheimssektoren. Leiar for prosjektet, den canadiske sosiologen Pat Armstrong, kommer til jubileumsfeiringa 8. juni. Hovudmålet hennar med prosjektet har vore å gi gode råd om eldreomsorg.

Viktige milepælar for senteret

Senter for omsorgsforsking Vest blei etablert av Helse- og omsorgsdepartementet i 2008, som ein del av ein nasjonal struktur med fem regionale Sentre for omsorgsforsking. Senteret har grunnfinansiering frå Noregs Forskingsråd og er elles primært finansiert gjennom eksterne forskingsmidlar. I dag er 12 heile stillingar knytt til senteret. Dagleg leiar er Hilde Elin Haaland-Kramer.

Hovudmålet til senteret er å sjå på institusjonelle vilkår for kompetanse og kvalitet i omsorgstenestene, med hovudvekt på eldreomsorg i kommunane. Eksempel på slike vilkår er arkitektur og fysisk miljø, teknologi, økonomi, driftsformer, organisering, bemanning, styringsverktøy, lovreguleringar og kultur.

Senteret fekk sitt første forskingsråd-støtta prosjekt i 2011, noko som var ein viktig milepæl. Sidan har dei utmerkt seg med å skaffe svært mykje eksterne midlar til forsking. I 2015 etablerte dei Tidsskrift for omsorgsforsking, som dei driv i lag med dei andre sentera, og er redaktørar for. Frå hausten 2015 fekk senteret oppgåva med å fronte høgskulens strategiske satsing på teknologi innan helse og omsorg.

Gi grunnlag for eldrepolitikk 

- No er eitt av dei store prosjekta våre å bygge opp Omsorgsbiblioteket, i samarbeid med Helsebiblioteket, seier Mekki.

Gjennom Omsorgsbiblioteket vil forskarane nå politikarar, administratorar og andre som tek viktige avgjerder innan omsorgssektoren. Dei skal kunne gå inn og sjå: Kva seier forskinga om denne problemstillinga? Dette skal hjelpe til å motverke at politikarar rir stemningsbølgjer, og at dei heller tek avgjerder med grunnlag i kunnskapen som finst.