Legg fram forslag til språkpolitiske retningslinjer

Denne hausten har ei gruppe med seniorrådgjevar Georg Arnestad i spissen arbeidd fram eit forslag til språkpolitiske retningsliner for HVL.

Det var i august arbeidsgruppa fekk i oppgåve å utarbeide eit forslag til språkpolitiske retningslinjer for HVL.

Gruppa har levert to dokument:

1) Sjølve innstillinga kor gruppa gjer greie for opplegget av og bakgrunnen for arbeidet, kva for materiale ein byggjer på, og kvifor gruppa meiner at Høgskulen på Vestlandet skal vere ein «språkpolitisk ambisiøs høgskule.»

2) Forslag til språkpolitiske retningsliner for Høgskulen på Vestlandet

 Til grunn for dei nye retningslinene ligg fusjonsavtalen frå mai 2016 som seier at HVL «skal ta utgangspunkt i og byggje vidare på hovudtrekk ved vestlandsk kultur, næring og tradisjonar.» Med grunnlag i dette slår avtalen fast at «hovudmålforma for den nye institusjonen skal vere nynorsk.»

Arbeidsgruppa har og lagt til grunn dei språkpolitiske prinsipp og forventningar som siste tida har kome til uttrykk i relevante nordiske utgreiingar og frå det norske Språkrådet. Gruppa har særleg lagt vekt på tilrådingane i den nordiske språkpolitiske rapporten «More parallel, please!» (2017) og på Språkrådets oppfølging av denne. Her står arbeidet med parallellspråksbruk sentralt; det vil i praksis seie forholdet mellom bruken av nasjonalspråket og engelsk.

Les dokumenta:

Innstillinga frå arbeidsgruppa

Språkpolitiske retningslinjer for Høgskulen på Vestlandet


Tidleg på nyåret vil retningslinjene bli sendt på høyring i HVL, før dei vert handsama av høgskulestyret i mars.

Arbeidsgruppa:

  • Seniorrådgjevar Georg Arnestad, campus Sogndal (sekretær og leiar)
  • Førsteamanuensis (norsk) Eli Bjørhusdal, campus Sogndal
  • Høgskulelektor (norsk) Morten Rønning, campus Bergen
  • Informasjonssjef Svein Ove Eikenes, campus Stord
  • Lærarstudent Maren Gullvåg Aasen, campus Bergen (oppnemnt av Studenttinget i midten av september)