Starta sluttspurten – siktar mot nye mål

Mette Kirkhus Dale, Arne Habbestad og Stine Jernæs Johnsen er i innspurten med økonomi og administrasjon i Haugesund. No går dei mot master.

Tre år med utdanning er snart ved ein ende. Saman og kvar for seg har dei lagt bak seg kollokviegrupper, utveksling i Australia, studietur til India, gode karakterar, jobb som studentassistent og mykje meir. No er det siste etappe. Bacheloroppgåva skal landast.

- Me skriv om regionalpolitiske utfordringar i utforminga av finanspolitikken.

- Og det betyr?

- Me tek utgangspunkt i oljekrisa. Korleis påverkar den økonomien? Kva utslag får me her hos oss?

Dei jobbar med eit stort talmateriale. Hentar inn tal om arbeidsløyse frå NAV, og sper på med andre nøkkeltal frå Statistisk sentralbyrå. Analyserer, diskuterer og finn samanhengar og svar.

- Kjempegøy å kunne fordjupa seg og bruke faga me har lært oss, seier dei.

- Og oppfølginga frå rettleiarane er veldig bra.

- Dei vil at du skal lukkast som student her.

Mette Kirkhus Dale

Alle tre har finans- og økonomistyringsprofil som bumerke på utdanninga si.

- Eg har alltid vore glad i tal, og hadde mykje av desse faga og på vidaregåande skule. Det er veldig rett for meg, seier Stine.

- Eg har fagbrev og har jobba ein god del med rekneskap før eg tok påbygg og starta her. Har vel alltid likt regnefag eg og. Du kjem fram til noko konkret, meiner Mette som har sommarjobb i bank som syssel før ho tek til på masterutdanning i august.

Arne har skifta kurs. Frå sjøen til økonomi.
- Eg har fagbrev som matros, men ville ha noko meir innan økonomi.

Trioen starta som HSH-studentar og går ut som HVL-studentar. Det har dei tankar om.

- Me begynte på ei forholdsvis liten skule. No er me ein del av noko større. Det er bra. Med større fagmiljø får me som studentar meir tilgang på kunnskap, meiner dei.

Studietida i Haugesund får fem stjerner.

- Dei vil at du skal lukkast som student her. Me har hatt mange gode førelesearar. Dei er imøtekommande og hjelpsame, og dei hugsar deg på namn.

- Elles er det veldig lett å få til ting viss du viser initiativ sjølv.