Statsbudsjettet 2022: Eit svakt budsjett

Budsjettforslaget for Høgskulen på Vestlandet viser mange kutt og ein samla nedgang samanlikna med fjoråret. – Alt i alt er dette eit svakt budsjett frå den avtroppande regjeringa, seier rektor Gunnar Yttri.

Dette er hovudtrekka i statsbudsjettet for 2022 for Høgskulen på Vestlandet:

  • Reduksjon på 10,8 millionar kroner som følgje av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.
  • Reduksjon på 46,3 millionar kroner som endring knytt til pensjonspremie.
  • Reduksjon på 4 millionar kroner som endring knytt til reiseomlegging.
  • Reduksjon på 2,2 millionar kroner til inndekning av satsingar i KD-budsjett
  • Auke på 15 millionar kroner knytt til finansiering av 5. året på grunnskulelærarutdanninga.
  • Auke på 56 millionar kroner som følgje av prisjustering.
  • Auke på 19,8 millionar kroner i frå resultatbasert utteljing.

Rektor Gunnar Yttri seier at studieplassane som HVL fekk tildelt i revidert nasjonalbudsjett våren 2020 no blir opptrappa, men og snudd om på.

– Departementet legg opp til ein reduksjon av 30 studieplassar innan økonomiske og administrative fag. Desse studieplassane vert no overført til oppbygging av 20 studieplassar for masterutdanning i barnevern.

Større enn nokon gong

Regjeringa fortset og med ABE-kutta. Avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma er vidareført i budsjettforslaget med eit kutt på 0,5 prosent.

– Dette er sjuande året på rad desse kutta kjem, og det utgjer samla sett mykje pengar for Høgskulen på Vestlandet. I tillegg har Kunnskapsdepartementet lagt inn eit nytt kutt knytt til reising og det dei kallar inndekning av satstingar innanfor KD-budsjettet.

– Så det reelle kuttet er større enn nokon gong for oss, sjølv om vi også har reduserte kostnader for noko av dette kuttet, forklarar Yttri.

– Departementet snakkar mykje om autonomi, men her ser vi ein sterkare styring ifrå departementet. Meir av midlane i sektoren blir òg konkurranseutsett inn mot oppgåver som det nye direktoratet har hand om; anten det er fleksibel utdanning eller internasjonalisering.

Ikkje løft for lærarutdanninga

Når det gjeld finansiering av det femte året for grunnskulelærarutdanninga, ser ikkje Yttri at det kjem meir pengar.

– Vi får vidareført det som kom i fjor. Men ut ifrå talet på studieplassar som vi tilbyr, så er det ikkje på nokon måte ein fullfinansiering av det viktige femte året i denne masterutdanninga. Det er ikkje bra.

Tilsette bidrar godt

Ein ting Yttri er nøgd med er, at HVL igjen gjer det bra på det som heiter resultatbasert utteljing.

– Vi leverer gode resultat, spesielt innan utdanning, og det gir oss ei god utteljing. Til neste år utgjer det 19,8 millionar kroner. Kort sagt har vi tilsette som bidrar og leverer godt. Det har vi grunn til å vere nøgd med.

– Vi får også ei auke på 3,3 millionar kroner for ph.d.-kandidater som viser at vi gjennom doktorgradsprogramma våre får utteljing for ferdige kandidatar.

Liten drahjelp

Neste års budsjett gir ikkje HVL eit større handlingsrom.

– Dette er eit svakt statsbudsjett. Det trur eg vi kan vere einige om. No skal vi gå gjennom tala meir detaljert i lag med fakulteta og administrasjonen og sjå nærare på detaljane og heilskapen, og kva dette vil ha å seie for oss.

– Vi har store satsingar, investeringar og prosjekt framover som peiker inn mot universitetsambisjon vår. Årets statsbudsjett gir oss ikkje mykje drahjelp for det som står føre.

Meir informasjon