Statsråden fekk god input

Korleis kan me få fleire menn til å velje lærarutdanning og jobbe med dei yngste elevane? Det var spørsmålet Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim opna med og fekk gode svar på då han vitja lærarstudentar, tilsette og toppleiinga på HVL i dag.

Før jul fekk HVL oppdraget frå Kunnskapsdepartementet om å ta regien på eit nytt nasjonalt tiltak. Kort og godt handlar prosjektet om korleis ein kan få fleire menn til å velje grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn. I tillegg til HVL er UiT Norges arktiske universitet og Høgskolen i Innlandet med på prosjektet, som blir leia av rådgjevar Bente Cathrine Janby Bakke i HVL.


Teodor Solberg Andersen frå Tønsberg og førstelektor Tone Stangeland orienterte Henrik Asheim om prosjektet som HVL leiar. No til helga skal studentane kursast før dei skal rundt på vidaregåande skular langs Vestlandet. Kurset som HVL har utvikla skal og køyrast for studentar ved Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Innlandet.


Prodekan for forsking ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) i HVL, Torill Marie Bogsnes Larsen, fekk ein god prat med statsråden på biblioteket på campus.


Etter møtet med studentane fekk ministeren ein god prat på 37 minutt med rektor Berit Rokne og prorektor Bjørg Kristin Selvik. Dei orienterte om universitetsprosjektet, campusutvikling, finansiering og planar framover. Henrik Asheim var spesielt opptatt av å høyre om korleis HVL jobbar med entreprenørskap, berekraft og relevans i utdanningane. – De er gode på dette med å vere tett på arbeidslivet på Vestlandet. Her har de mykje god kunnskap og erfaring å dele med andre i sektoren, sa Asheim.