Status for den administrative organiseringa

I vår skal organisasjonskartet til HVL bli ferdig teikna. Det er styret som vedtar organisasjonskartet, medan rektor vedtar funksjonsplanar.

Då funksjonsplanane blei sendt på høyring før jul, var dei ikkje heilt ferdigstilte, ettersom det mellom anna har vore forseinkingar i prosessar som har innverknad på arbeidet. 

Prosjektleiar Maria Stene-Jonassen fortalde då at ein valde å gjennomføre høyringa, sjølv om det heiskapelege biletet ikkje var tydeleg. Samtidig kunne ein då invitere organisasjonen inn i pågåande diskusjonar, og innspela går rett inn i dei diskusjonane som no går i gruppene. 

– Status er at prosjektgruppene arbeider med innspela, og med å sjå strukturen i samanheng. Dei får noko meir tid på seg i høve til opprinneleg plan på å levere frå seg eit gjennomarbeida planverk, seier ho. 

Koordinering og ressursfordeling

Heilt konkret vil ein framover bruke meir tid på å få fleire møtepunkt på tvers – både mellom prosjektgruppene og mellom prosjektgruppene og fakultetsleiinga.

I tillegg går ein gjennom talgrunnlaget for administrative ressursar, for å få kvalitetssikra dette, og diskuterer stabsressursar for rektorat og dekanar.

Ein ser også på det heilskapelege biletet for fakultets- og fellesadministrasjon, og på korleis ein skal få gode løysingar og godt samarbeid mellom einingane.

– Det bearbeida materialet frå gruppene vil mellom anna danne grunnlag for diskusjonar i strategisk leiargruppe, fortel Stene-Jonassen. 

23. januar er ein viktig dato i så måte. Då er administrativ organisering tema på møte i strategisk leiargruppe, og her skal dei mellom anna diskutere nettopp korleis ein kan sørgje for at administrasjonen leverer det fakulteta treng. 

Må rekne med å justere oss

Etter dette møtet vil det bli meir klart korleis prosessen framover blir lagt opp med tanke på datoar. Målet er framleis at den nye linja skal vere klar til sommaren 2018.

– Vi jobbar no for å tilpasse dei administrative ressursane til den nye organisasjonen. Det er både eit spørsmål om å få på plass ein ny linje og noko som fungerer godt nok, seier rektor Berit Rokne. 

Ho minner også om at sjølv om vi ikkje skal underslå viktigheiten av dette arbeidet, må vi hugse på at det vi gjer må kunne reviderast.

– Linjer på eit kart er ikkje hogga i stein, og vi må kunne justere oss der vi ser at det trengst. Vi er ei organisasjon i endring, i eit samfunn i endring. Det vi må få til no, er eit godt utgangspunkt til å møte samfunnet og studentane, og bygge den nye organisasjonen med, seier ho.