Stort campusutviklingsprosjekt skal gjere HVL til ein meir attraktiv studiestad

HVL skal i gang med å utvikle ein campusutviklingsstrategi, og tiltaksplanar for utvikling av våre fem campus. Målet er å gjere HVL enda meir attraktiv som studiestad, og som regional utviklingsaktør. Stord er fyrste campus ut, med ein «campusverkstad» i slutten av juni.

Utvikling av levande campus var ein viktig del av fusjonsavtalen som skapte Høgskulen på Vestlandet. I sitt tildelingsbrev for 2020 er Kunnskapsdepartementet tydelege på at fleircampusinstitusjonar som HVL må utarbeide ein overordna campusstrategi. NIFU-evalueringa som kom tidlegare i år, har ytterlegare aktualisert behovet for å lyfte dei individuelle campusane sine særmerke. Der blei campusutvikling framheva som eit viktig arbeid i langsiktig kultur- og institusjonsbygging.  

portrettbilde av tage båtsvik

Dette vert no følgt opp i HVL med eit prosjekt for å utarbeide ein campusutviklingsstrategi for HVL, og campusutviklingsplanar for kvar studiestad. – Høgskulen på Vestlandet skal vidareutvikle våre fem campus som levande og framtidsretta arbeids- og studiestader. I dette arbeidet er samspel med arbeids- og næringslivet på Vestlandet strategisk viktig. Campusutvikling er ein viktig del av vårt arbeid med å skape det nye universitetet på Vestlandet. Vi skal utnytte den spesielle ressursen vi har i at vi er til stades på fem stader enda betre, fortel organisasjonsdirektør Tage Båtsvik.  

– Campusutviklinga skal knytast til våre faglege utviklingsmål. Den skal vere innretta slik at den styrker våre kjerneoppgåver; utdanning, forsking og formidling. Det vil vere eit breitt anlagt arbeid, som ser fysiske rammer, fagleg utvikling og studie- og arbeidsmiljø i samanheng. Dette skal vi gjere i tett samhandling med våre omgjevnader. Målet er å utvikle strategiar og identifisere tiltak som vidareutviklar våre fem campus. 

Inviterer samarbeidspartnarar inn til campusverkstad 

Prosjekt campusutvikling på Stord skal vere ein pilot for liknande prosjekt ved dei andre campusane. 19.-23. juni er det rigga for digital campusverkstad der eit utval studentar, tilsette og eksterne samarbeidspartnarar er inviterte. Oppdraget er  å jobba fram ulike idear og diskutere seg fram til forslag til tiltak og konsept som kan auke campus Stord sin attraktivitet som studiestad, og samarbeids- og utviklingspartnar i regionen.  

Dei inviterte representerer ein miks av kunnskapar og erfaringar. Om lag 40% av deltakarane er eksterne. Dagleg leiar i Stord Næringsråd, Anne-Grete Sandtorv, er ei av dei inviterte næringslivsaktørane på Stord. Ho gler seg til å vere med på verkstaden til HVL. – Eg trur dette vert ein flott moglegheit til å jobba på tvers av tilsette, studentar og næringsliv for å få fram nye idear, seier ho. Ho trur den unntakstilstanden vi har stått i dei siste månadene, med omsyn til korona, har bidratt til å aktualisere samspelet: – I ei tid kor helsefag og skule har vore meir i fokus enn nokon gong, vil eg tru at det også er hausta ny erfaring som me kan ta med oss inn i arbeidsliv og utdanningsinstitusjonane også. 

 

Øyvind Midtbø Berge frå HVL Skape, og visesenterleiar for Mohn-senteret, er ein annan deltakar som gler seg til verkstaden. Han håpar å bringe inn aspekt kring korleis god infrastruktur for innovasjon og entreprenørskap kan vere med å skape ein attraktiv campus. – Eit viktig mål med HVL Skape er nett å bidra til campusutvikling og skape attraktive studiestader. Eg ser fram til å diskutere korleis HVL Skape bør innrettast på campusane for å engasjere fagmiljø og dei studieretningane som er på campus, og korleis vi kan bruke satsinga for å komme tettare på arbeids- og samfunnsliv i regionen. 

– Ein unik sjanse til å til å påverka 

Ingrid Grønsdal er hovudtillitsvalt for Utdanningsforbundet ved HVL og fakultetstillitsvalt ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Ho skal ôg vere med på campusverkstaden på Stord. – Eg håpar at prosjektet skal bidra til stabil og varig utvikling og vekst på campus Stord, der ein bygger på dei unike fortinna ein har her, opprettheld stabile og solide grunnutdanningar og samstundes utviklar nye utdanningstilbod som tiltrekker seg unge på leit etter utdanning og arbeid, fortel ho. Og ho oppmodar sine kollegaer som får invitasjon til å takka ja: – Dei vil få ein unik sjanse til påverka retninga campus Stord skal ta og føra fram meiningar og idear på vegne av dei sterke fagmiljøa våre. 

Tillitsvalt Grønsdal har òg tru på at campusutviklingsprosjektet kan vere positivt for campusane sine samspel med regionen.  

– Det er klart at campus Stord er avgjerande viktig for at regionen skal ha tilgang på gode lærarar i barnehage og skule og sjukepleiarar/helsepersonell til helsesektoren. Dette er igjen viktig for å halda på og tiltrekka seg nye innbyggarar i regionen. Samstundes har campus Stord stort potensialet til å verta eit tyngdepunkt for nye nasjonale og internasjonale satsingar innan utdanningsfeltet. Eg meiner HVL må ta mål av seg å få til utvikling på campus Stord langs begge desse linjene, seier ho.

Lurer du på noko om campustutviklingsprosjektet? Prosjektteamet kan svare på spørsmål. Ta kontakt med Håvard Nes eller Ingvild Brekke Myhre