Støtte til forsking om innvandrarkvinner, arbeidsflyt og grøn energi

Korleis kan arbeidsflyten i organisasjonar blir betre? Gjer samfunnet nok for at innvandrarkvinner kan delta på likefot i arbeidslivet? Og korleis kan vi produsere hav- og vindenergi på billegare vis?

Dette er spørsmåla som tre forskarar ved HVL i dag fekk løyvd midlar til å dykke ned i. To forskarprosjekt for unge forskarar og eit prosjekt innan fornying har fått til saman nærmare 28 millionar kroner frå Forskingsrådet. Prosjekta er leia av Violet Ka I Pun, David Roger Lande-Sudall og Astrid Ouahyb Sundsbø, og beløpa til prosjekta var som følgjer:

  • On Equal Grounds? Migrant Women´s Participation in Labour and Labour Related Activities (EQUALPART): 12 millionar
  • HYDROMORE – Hydrodynamic Mooring Analysis for Ocean Renewable Energy: 8 millionar
  • Enabling Highly Automated Cross-Organisational Workflow Planning: 7,9 millionar

- Eg søkte for tredje gang med dette prosjektet, og eg er utruleg glad for at søknaden no blei innfridd! Eg brenn verkeleg for dette temaet, og eg har stått veldig på for at det skulle gå gjennom, seier Astrid Ouahyb Sundsbø, som skal sjå på kva sjansar innvandrarkvinner har til å delta i norsk arbeidsliv.

Slusa inn i helsesektoren

Den allmenne statistikken for i kva grad innvandrarar deltek i norsk arbeidsliv, er positiv og ligg på kring 65 prosent. Men då Sundsbø tok ein nærmare kikk på korleis det stod til blant kvinnene, fann ho at deltakinga var mykje lågare, særleg innan dei gruppene som har låg grad av formell utdanning å syne til. Sundsbø meiner at denne gruppa treng støtte utover det som blir gitt i dag, og ein treng også meir kunnskap om kvinnenes eigne erfaringar og ønske.

- Introduksjonsprogramma på to til tre år skal hjelpe innvandrarar inn i norsk samfunn og arbeidsliv, men for mange, og særleg for kvinner, er dette ofte ikkje nok. Dei treng støtte utover desse programma, sidan dei gjerne møter andre hindringar enn mennene når det gjeld deltaking, seier Sundsbø.

Eg søkte for tredje gang med dette prosjektet, og eg er utruleg glad for at søknaden no blei innfridd!

Astrid Ouahyb Sundsbø

Er velferdsstaten eigentleg ein god inkluderingsarena? Dette spørsmålet er sentralt i forskinga til Sundsbø. Ho ser at innvandrarkvinner ofte er heime med barna og ikkje får sjans til å komme seg ut i arbeidslivet rett etter introduksjonsprogramma. Vidare kan mykje vere avhengig av kva kommune dei blir busette i. Graden av støtte frå kommunen og tilgangen til arbeidslivet kan variere sterkt.

- Vi ser ein trend no med at ledig arbeidskapasitet hos innvandrarkvinner blir sett på som eit potensiale for å løyse behovet for «fleire hender» i helse- og sosialsektoren -  for å møte framtidas krav om naudsynte og forsvarlege helsetenester til alle, seier Sundsbø.

- Det vert teken initiativ til særskilde utdanningsopplegg og ordningar for å rekruttere innvandrarkvinner til arbeid innan helse- og omsorgssektoren, men er dette med på å forsterke, snarare enn å utjamne sosial ulikheit i samfunnet vårt? spør ho.

Sårbare posisjonar i yrkeslivet

Spørsmålet er om desse kvinnene eigentleg har noko anna val enn å takke ja til denne yrkesvegen. Dette er ein veg som leier til ein såkalla prekarisert arbeidssituasjon – ein sårbar, utsett posisjon i arbeidslivet, ofte prega av små stillingsprosentar og låg løn. Har desse kvinnene sjansen til å stige i gradane og til dømes bli sjukepleiarar? Eller blir dei verande i 14 prosent helgejobbar?

Vi ser ein trend no med at ledig arbeidskapasitet hos innvandrarkvinner blir sett på som eit potensiale for å løyse behovet for «fleire hender» i helse- og sosialsektoren.

Astrid Ouahyb Sundsbø

- Den mest sentrale biten av prosjektet blir historiene til kvinnene sjølve. Vi skal følgje fleire kvinner over tid og sjå på korleis inkludering fungerer eller ikkje fungerer for dei, seier Sundsbø.

Prosjektet skal også sjå på, og bidra til å løyse, utfordringar i koordineringa mellom ulike tenester og lovverk. Med seg i prosjektet har ho fleire samarbeidspartnarar, mellom anna UiB, Norce, Bergen kommune og fleire kvinneorganisasjonar og internasjonale partnarar.

Ulike avdelingar har ulik arbeidsflyt

Violet Ka I Pun har fått støtte til eit prosjekt som skal gjere arbeidsflyten på tvers av ulike organisasjonar og mellom ulike avdelingar lettare.

- Ulike avdelingar har ulik arbeidsflyt, dei brukar ulike it-verktøy og har ulike måtar å organisere og planlegge på. Desse ulike måtane samsvarar ikkje alltid med kvarandre. For eksempel kan akademisk personell og administrativt personell ved ein utdanningsinstitusjon ha ulik arbeidsflyt, noko som vil vere ineffektivt for studentane, seier Pun.

- Innan Helsevesenet vil denne typen misforhold mellom ulike avdelingar kunne få konsekvensar for behandlinga til pasienten. Behandlinga kan bli forsinka eller det kan få andre uønskte konsekvensar, seier ho. 
Målet er å utvikle teknikkar slik at arbeidsflyten blir optimalisert og det ikkje oppstår unødvendige forseinkingar. Prosjektet skal bidra til å automatisere arbeidsflytplanlegginga.

Dårleg arbeidsflyt kan føre til fare

Pun gjev eit eksempel frå koronatesting:

- Dersom du testar deg for korona, tek du testen ein stad. Så blir denne frakta av nokon til laboratoriet og analysert der. Deretter blir testen kontrollert. Dette involverer fleire typar arbeidsflyt, ulike resursar og personell. Dersom ein av desse prosessane blir forseinka ein stad, får det konsekvensar i alle ledda, og pasienten kan ha smitta fleire i løpet av denne tida.

Innan Helsevesenet vil denne typen misforhold mellom ulike avdelingar kunne få konsekvensar for behandlinga til pasienten.

Violet Ka I Pun

 

Med prosjektet sitt skal Pun finne teknikkar som får dei ulike arbeidsflyt-typane til å snakke saman. Ønskjer ein å endre på arbeidsflyten i eit av ledda, kan ein først simulere kva konsekvensane vil bli i dei andre ledda før ein implementerer det i organisasjonen.

- Vanlegvis implementerer vi ei endring og ser kva som skjer. Dersom endringa har uønskte effektar, er det allereie for seint å endre tilbake. Med dette systemet kan ein simulere konsekvensane før ein gjer endringa, seier Pun.

Uppsala universitet, Universitetet i Lübeck og Haukeland universitetssykehus er samarbeidspartnarar i prosjektet.

Billegare energi frå hav og vind

Når ein skal utvikle nye konsept for flytande havenergi, brukar ein modellar for å rekne ut kreftene i forankringssystemet. Modellane som blir brukt i dag kjem frå olje- og gassindustrien og er ikkje tilpassa til den nye grøne energien.

David Lande-Sudall skal i sitt forskingsprosjekt utvikle avanserte modellar til bruk i flytande vindturbinar og  bølgjekraftverk. Modellane skal testast i ulike eksperiment i HVL sin MarinLab, blant anna skal ein sjekke om dei fungerer i både i brytande bølger og meir tilfeldig sjø. I prosjektet skal ein også utvikle nye forankrings- og fortøyingssystem til flytande havvind.

- Klarer vi å redusere kostnadane til forankringssystemet til vindturbinane, vil det bli billigare å produsere energi frå hav og vind, seier Lande-Sudall.
 
Prosjektet skjer i samarbeid med Universitet i Oslo, University of Manchester og SINTEF. Modellane som blir utvikla i dette prosjektet kan hjelpe industrien til å bygge vindturbinar på ein billigare og meir effektiv måte.