Datastudentar har laga appar for planteentusiastar

Er du glad i å jobbe med jorda, men bur i by utan å ha hage? No har studentar ved HVL utvikla nettopp appar for deg, i oppdrag for Bybonden i Bergen.

Lysten på å bu urbant utelukker ikkje nødvendigvis ønsket om å ha fingrene nedi jorda. Men hage og terrasse i byen er dyrt, noko som gjer det vanskeleg for mange planteentusiastar å få gjort noko med interessa.

–  Mange har lyst til å jobbe med jorda, men har ingen stadar å gjere det. Sjølv om det finst fleire ledige jordflekkar rundt om i Bergen, er det vanskeleg å vite kven som eig dei, seier Randi-Marie Pedersen, i dag ny student på master i innovasjon og entreprenørskap.

Saman med Eivind Lillestøl Skrede, David Korsrud Bråten og Rolf Caspar Snähre har ho jobba med å etablere informasjonskanalar for Bybonden og landbruksavdelinga ved Fylkesmannen i Vestland. Arbeidet blei levert inn som bacheloroppgåve rett før sommaren.

Dyrke eigen mat

Dei fire avgangsstudentane på bachelor i dataingeniørstudiet ved HVL fekk oppdraget med å kartlegge ledige dyrkingsareal frå Bybonden i Bergen. Bybonden er eit nyoppstarta prosjekt som skal inspirere innbyggarar og institusjonar til å dyrke eigen mat.

– Det har jo lenge vore ein diskusjon om barn som ikkje veit kor maten kjem frå. Ved å dyrke eigen mat, forstår mange kanskje meir av arbeidet bonden gjer, seier Pedersen.

App for nybegynnarar

Appen «Dyrkingsareal» gir folk i heile landet oversikt over kor dei kan plante til dømes epletre eller ripsbuskar, anten det er i hagen til naboen eller på kommunal jord.

– I tillegg har vi laga ein app til, «Dyrk med Bybonden», som hjelper nybegynnarar med å dyrke sine eigne plantar heime, fortel Eivind Lillestøl Skrede.

Her hjelper bybonden Ida Kleppe til med råd og instruksjonar, og folk kan poste bilde av plantane sine, og vise andre korleis dei utviklar seg. Brukaren får tips og råd frå Bybonden gjennom sesongane og ulikt vêr.

– Appane handlar ikkje berre om å få utløp for ei interesse, men også forme eit fellesskap, seier Snähre.

Fornøgde med studiet

Dei fire har jobba med appane heile sommaren, sjølv om bacheloroppgåva for lengst er levert inn. Det skal dei halde fram med litt til, sjølv om dei no er godt på plass i nye studiar og jobbar.

– Dette blei eit bra prosjekt, og eg har lært masse nyttig som eg aktivt nyttar i jobben min i dag, seier David Korsrud Bråten (bildet), som har begynt i ny jobb for Ikomm AS på Lillehammer.

Foto: Henning Owren 

Eivind Lillestøl Skrede studerer vidare på master i programutvikling, mens Rolf Caspar Snähre har starta på ein master i maskinlæring ved Universitetet i Bergen. Alle fire er nøgde med bachelorstudiet i dataingeniør ved HVL.

– Eg trudde du måtte ha forkunnskapar for å begynne på dataingeniør, men det må du ikkje. Eg er veldig fornøgd med å ha tatt denne utdanninga, seier Randi-Marie Pedersen.