Studentar ved campus Bergen bekrefta smitta

Fleire HVL-studentar i Bergen er bekrefta smitta av koronaviruset. – Det er eit smitteutbrot i samband med ulike sosiale samanhengar i Bergen i helga som var. Fleire HVL-studentar er sett i karantene, og mange har testa seg, seier HVL-rektor Gunnar Yttri.

– Vi har god dialog med smittevernkontoret i Bergen kommune. Det er dei som held i arbeidet med smittesporing og det er dei som kartlegg og har oversikt på omfanget, seier Yttri.

– Vi tar høgde for at vi vil få ein del nye bekrefta smittetilfelle blant studentane våre framover. Vi er tett på situasjonen og følgjer opp.

Yttri fortel at studentane som er bekrefta smitta er pålagt isolasjon av smittevernkontoret. Dei personane som smittevernkontoret har definert som nærkontaktar er pålagt karantene.

– På HVL er undervisinga no i stor grad digital. Vi går óg inn i eksamensperioden. Campusen vår i Bergen er framleis open for studentar. Bibliotek og leseareal er tilgjengeleg for studentane våre.

HVL-rektoren seier det er trygt å opphalde seg på campus.

– Ja, og det forutsett at vi alle følgjer smittvernreglane. Yttri minner og om at styresmaktene oppmodar alle om å ha særs lav terskel for å teste seg.