Studentbedrift får millionstøtte

HVL-studentane Constandino Leiva og Sjur Hovi har fått ein million kroner frå Norges forskningsråd til å realisere studentbedrifta PlayWell. Forretningsideen deira er å bruke dataspel til å styrke samhald og integrering blant ungdom.

- Mange ungdommar sluttar på organiserte aktivitetar når det kjem opp i ein viss alder. Då sit dei gjerne mest heime og spelar. Sjølv om dei gjerne har kontakt med vener via nettet, får dei lite sosial trening, seier Constandino Leiva. Han er ein av dei to gründarane, som begge er masterstudentar i Innovasjon og leiing ved HVL.

Undersøkingar har vist at ungdom i alderen 16-19 år brukar mindre tid utanfor heimen enn tidlegare, og at mange brukar svært mykje tid framfor ulike skjermar. Playwell-gründarane ønsker å utnytte dette til å skape ein sosial og inkluderande arena for ungdom som elles ville blitt heime.

- Ikkje alle er gode i fotball, men så å seie alle er interesserte i spel. Likevel er det ikkje alle som har råd til utstyr av den typen vi ønsker å tilby, seier Leiva.

Vil skape lokalt engasjement

Til skilnad frå eksisterande gamingaktivitetar, som er knytt til faste lokale, ønsker PlayWell å tilby ei mobil ordning, der gamingutstyr, underhaldningsopplegg og instruktørar blir gjort tilgjengeleg for offentlege og private bedrifter, som til dømes ungdomsklubbar eller skular.

- Føremålet er å gjere det enkelt for kundane våre å arrangere aktivitetar som skapar engasjement i nærområdet, utan å måtte investere i eige utstyr, forklarar Sjur Hovi.

Som ein del av prosjektet, har dei to prosjektleiarane med seg fleire mentorar frå HVL. Ein av desse er Bodil Ravneberg ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag. Ho skal bidra med kunnskap om integrering, mangfald og relasjonsbygging hos ungdom, slik at PlayWell kan utvikle eit best mogleg tilbod for utsette ungdommar.

- Vi veit at integrering må skje i lokalsamfunnet, og her kan PlayWell spele ei viktig rolle. Dette er også ein god moglegheit for oss til å sjå nærare på integrering knytt til teknologi, seier ho.

Tøff konkurranse

PlayWell er ein av 13 studentprosjekt som får tildelt pengar gjennom Forskningsrådet si STUD-ENT-ordning. Ordninga skal stimulere studentar til å drive med entreprenørskap og styrke entreprenørskapskulturen ved utdanningsinstitusjonar i Noreg. Prosjektet var eitt av fem som blei sendt inn frå Høgskulen på Vestlandet i år.

- At vi også i år får studentbedrifter som når opp i den tøffe konkurransen om STUD-ENT-millionen er utruleg viktig for HVL og vårt arbeid med å bygge entreprenørskapskultur, seier Øyvind M. Berge ved Mohnsenteret.

Han fortel at Playwell har jobba godt over lang tid, og at dei har utvikla ideen sin både gjennom praksisfag, masteroppgåve, og ved sidan av studia, mellom anna gjennom Mohnsenteret sine studententreprenørskapstilbod.

- Vi håpar at tildelinga til Playwell kan inspirere enda fleire av studentane våre til å søke STUD-ENT. Mohnsenteret er klare for å bistå, avsluttar Berge.