Studentane er fornøgde med Høgskulen på Vestlandet

Fleire av studia ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er blant dei mest populære i landet. Det kjem fram i Studiebarometeret, den årlege undersøkinga av norske utdanningsinstitusjonar.

Bachelor i vernepleie i Sogndal og bachelor i ingeniør (elektro) i Førde er heilt på topp i landet innanfor sine fag. Fleire av ingeniørstudiane til Høgskulen på Vestlandet (HVL) skårar godt over landsgjennomsnittet i tilbakemeldinga frå studentane. Det gjeld til dømes bachelorane i produksjonsteknikk og bioingeniør i Bergen. Branningeniørstudiet i Haugesund, som er unikt i sitt slag i landet, har også fått strålande tilbakemelding frå studentane.

Bachelorane i friluftsliv og idrett i Sogndal og bachelor i sjukepleie i Førde kjem også svært godt ut av undersøkinga.

Eit godt utgangspunkt for den nye høgskulen

Studiebarometeret er ei spørreundersøking blant alle studentane i landet om kor fornøgde dei er med ulike sider av studiane. HVL sitt resultat for 2016 er sett saman av svara frå dei tre høgskulane som gjekk inn i den nye høgskulen 1. januar 2017. Som vanleg sprikjer resultata litt mellom fag og studiestader, men jamnt over skårar dei ulike campusane ganske likt på kor fornøgde studentane er. Alle dei tre gamle høgskulane hadde ein framgang i resultata frå 2015 til 2016.

- Eg er glad for at Høgskulen på Vestlandet har så mange studium som får god evaluering av studentane. Studiebarometeret er ei nyttig tilbakemelding på kva studentane meiner om kvaliteten på faga våre. Dei tre høgskulane som har fusjonert har kvar for seg gjort eit godt arbeid i å følge opp vurderingane frå tidlegare undersøkingar, seier rektor ved HVL, Berit Rokne.

Ho ser på resultata som eit godt utgangspunkt for den nye høgskulen.

- HVL er i den gunstige posisjonen at vi kan trekke på det beste frå alle studiestadene våre og kan utveksle erfaringar på tvers av dei nærregionane som inngår i høgskulen, seier Rokne.

Populære masterutdanninger

Som vanleg kjem masterstudiane godt ut av undersøkinga. Master IKT i læring på Stord, master i organisasjon og leiing i Sogndal, master i barne- og ungdomslitteratur i Bergen og master i programutvikling i Bergen er blant dei med dei beste resultata. Innanfor helsefaga får også jordmorutdanninga i Bergen gode tilbakemeldingar i Studiebarometeret 2016.

Sjå alle resultata på studiebarometeret.no