Studiebarometeret - ei viktig tilbakemelding til HVL

- Vi ser kor vi kan bli betre - Studiebarometeret gir oss viktig informasjon om dei enkelte studieprogramma våre. Undersøkinga viser også at vi er i stand til å forbetre oss, seier prorektor Bjørg Kristin Selvik.

Studiebarometeret er den årlege undersøkinga der studentar ved alle høgskula og universiteta i landet gir karakterar tll studieprogramma sine. 2019-utgåva viser eit karakterfall for alle studia i snitt, så også for Høgskulen på Vestlandet, som kommer dårleg ut samanlikna med andre institusjonar.

- Vi er ikkje fornøgd med resultata generelt, og vi har som mål å skåre betre på hovedindikatorane her. Vi bruker desse undersøkingane systematisk i kvalitetsarbeidet vårt, som ein av fleire kanalar der vi får tilbakemeldingar frå studentane, seier Selvik.

Nokre positive endringar

Det er vanskeleg å finne klare tendensar på fakultet- eller campusnivå. Til det sprikjer resultata til dels mykje mellom studieprogram som "ligg nær" kvarandre. 

Fleire av dei studia som fekk dårlege tilbakemeldingar forrige gang, har hatt ei positiv utvikling nå. Dette gjeld til dømes barnehagelærarutdanninga på campus Stord, studiet i reiselivsleiing på campus Sogndal, masterstudiet i klimaendringer same stad og kroppsøving og idrett på campus Bergen.

Resultata for alle studieprogramma er lagt ut på studiebarometeret.no.

Likare campusar

Ein av tendensane som i Studiebarometeret er at forskjellane mellom dei ulike campusane på Høgskulen på Vestlandet er blitt mindre. 

- Det tydar på at den nye organisasjonen vår er i ferd med å settje seg, og at studentane får eit likare tilbud uavhengig av studiestad. Samtidig veit vi at samkjøringa av fag på tvers av campusane ikkje er smertefri. Endringar i enkelte studieprogram, og særleg den store reforma med ny grunnskulelærerutdanning, er eit stort og krevande arbeid for våre tilsette og organisasjonen. Det tar tid å få store endringar på plass. Det kan vi indirekte også lese ut av resultata i studiebarometeret, seier Selvik.

Håp om betre medverknad

- Dei fleste universiteta og høgskulane får tilbakemelding frå studentane i denne undersøkinga på at dei er dårlege på medverknad, det at studentane blir høyrde. Vi har tru på at den nye organiseringa av studentdemokratiet ved HVL, som trer i kraft no i år, vil vere ein faktor til at vi blir betre på detteseier prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, Bjørg Kristin Selvik