Tester teknologi for å betre helsa til fedmeopererte

–Me veit ikkje godt nok korleis me kan bidra til at den einskilde pasienten får best mogleg livskvalitet etter fedmeoperasjon, seier stipendiat Pål Andre Hegland ved Campus Førde.

Det er dette Hegland skal bruka stipendiattida si på å finne ut. Han skal ta i bruk noko han kallar klinisk tilbakemeldingssystem, eit digitalt spørjeskjema der resultata skal nyttast aktivt i møtet med pasientane.

Digitalt spørjeskjema gir betre helse

Så, kva er eit klinisk tilbakemeldingssystem og kva er helserelatert livskvalitet?

– Helserelatert livstil er korleis helsa di påverkar korleis du har det i livet ditt. Helsa påverkar livet ditt på alle måtar. Er det tungt å gå ut, unngår du gjerne det. Sjølv om du skulle møtt vennene dine, noko som igjen gjer at du kan kjenne deg einsam, seier stipendiat Hegland.

Klinisk tilbakemeldingssystem er eit digitalt spørjeskjema. Før pasientane kjem til fedmepoliklinikken ved Førde sentralsjukehus, skal dei ha fylt ut det digitale spørjeskjemaet. Rapporten sjukpleiaren mottar før konsultasjon, vil innhalda grøne, gule og raude felt. Dei gule felta markerar at pasienten har nokre utfordringar, medan dei raude markerar at pasienten har alvorlege utfordringar knytt til eit område. Det er dette som skal legga grunnlaget for behandlinga sjukelpleiaren skal tilby pasienten.

– Målet er at det kliniske tilbakemeldingssystemet skal fanga opp kva pasienten synest er utfordrande og problematisk etter operasjon. Så skal helsepersonell ta tak i dette og raskare gi ei spissa behandling for den enkelte pasienten. Spørsmåla i skjemaet dekker ulike kategoriar som psykisk helse, oppleving av helserelatert livskvalitet og fysiske plagar, fortell Hegland.

Klinisk tilbakemeldingssystem er allereie i dag i bruk i Helse Førde i psykiatrisk klinikk, der dei har utvikla NORSE (The Norwegian Response System for Evaluation), og nyttar det i behandlinga av pasientane. Hegland samarbeider tett med denne forskingsgruppa.

Ta tak i problema tidleg

Pasienten kan svare på spørsmåla heime eller mens dei sit på venterommet før behandling. Målet er at ein skal byrja timen med dei områda som pasienten opplever som utfordrande i sin nye livssituasjon.

Det at pasienten har svart på spørsmål i forkant gjer at ein kan bruka tida hjå sjukepleiar på dei temaa som er viktige for pasienten. Med dette systemet håper Hegland at ein tidlegare skal oppdaga utfordringar og problem som pasienten har, og dermed tidlegare kunna setta i gang tiltak for å betre situasjonen.

Fedmeoperasjon er ingen «quick fix»

Helse Førde opererer om lag 50 personar kvart år for fedme. Alvorlig fedme fører ofte til redusert livskvalitet i tillegg til auka risiko for tilleggssjukdommar og tidleg død. Hegland fortel at fedmekirurgi er den behandlinga som er dokumentert å oftast gi varig vekttap hos pasientar med alvorlig fedme.

Vidare seier Hegland at fedmeoperasjon ikkje er nokon «quick fix» som ein del trur.

– Noko av det som overraskar og fascinerer meg med desse pasientane er korleis dei handterer denne tøffe behandlinga dei går igjennom. Alt to timar etter operasjon skal dei ut av senga og stå. Dei må også leggje om livsstil ganske radikalt både med tanke på kosthald og aktivitet, seie Hegland.

Det er lite langtidsdata om livskvalitet etter fedmekirurgi. Forsking, blant anna frå forskingsmiljøet i Førde, viser at dei fleste som gjennomgår fedmeoperasjon får det betre etter operasjon, men ikkje alle.

Statistikk gir livskvalitet

Klinisk tilbakemeldingssystem er nytta tidlegare i forhold til pasientar med psykiske problem og kreft. Det har ikkje tidelegare vore nytta på pasientar med fedme. Hegland skal nytta kvantitative data som han samlar inn frå målingane gjennom det kliniske tilbakemeldingssystemet. Her skal han kartlegga den psykiske helsa til pasientane og korleis dei opplever helserelatert livskvalitet.

Fase ein av doktorgradsprosjektet til Hegland er å innføre og teste ut det kliniske tilbakemeldingssystemet, og kartlegge korleis fedmeopererte opplever helserelatert livskvalitet og mental helse etter operasjon. I fase to av prosjektet skal han samanlikna svar i det kliniske tilbakemeldingssystemet før operasjon og eit år etter operasjon. Desse resultata skal han samanlikna med data som tidlegare er samla inn i Helse Førde, der det er målt helserelatert livskvalitet hjå fedmeopererte.

– Eg håpar då å finne ut at det kliniske tilbakemeldingssystemet gjer at pasientane raskare får hjelp til dei utfordringane og problema dei eventuelt har etter operasjon, seier Hegland.