To nye doktorgradsstudium under vurdering

Før jul sende HVL inn to nye søknader om doktorgradsprogram. I løpet av året blir det avgjort om dei blir krediterte av NOKUT.

Dei to doktorgradsprogramma er Helse, funksjon og deltakelse ved Fakultet for helse- og sosialvitskap og det tverrfaglege programmet Responsible Innovation and Regional Development som administrativt er lagt til Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap.

- Det var ein milepæl å sende inn desse to doktorgradssøknadane. Dette er noko vi har jobba med i fleire år, seier prorektor for forsking ved HVL, Gro Anita Fonnes Flaten.

I februar blei det utnemnt sakkyndige komitear som skal vurdere søknadane. Neste steg er at NOKUT skal gjennomføre institusjonsbesøk ved HVL, der dei skal møte dei faglege og administrativt ansvarlege for programma, i tillegg til mellom anna master- og ph.d.-studentar og høgskuleleiinga.

Program på tvers

Professor og leiar for Mohnsenteret, Stig Erik Jakobsen, har vore involvert i utviklinga av doktorgradssøknaden i Responsible Innovation and Regional Development og leiar ein av dei tre forskargruppene som dannar basisen for doktorgradsprogrammet.

- Det spesielle med dette doktorgradsprogrammet er at det går på tvers av dei tre fakulteta FIN, FØS og FHS. Dette var viktig for oss i utviklinga av søknaden, seier Jakobsen. Han fortel at alle campusar ved HVL har vore representerte i arbeidet med søknaden.

- HVL-fusjonen har gjort at vi har fått fleire sterke fagmiljø å spele på, og dette har gitt ein sterkare søknad, som har brei forankring ved HVL, understrekar han.

I februar blei det arrangert eit seminar på Solstrand for deltakarane i ph.d.-satsinga. Over 40 fagpersonar var samla for å diskutere vidare aktivitet i forskargruppene og bli betre kjende.

Relevant for mange

Professor Alice Kvåle har vore prosjektleiar for arbeidet med doktorgradssøknaden for Helse, funksjon og deltakelse ved FHS.

- Dette er eit doktorgradsprogram som er relevant for mange profesjonar innan helsefag. Eg har fått spørsmål frå mange interesserte som lurer på når vi er i gang, seier ho.

Kvåle fortel at representantar frå alle campusar og alle institutt ved FHS har vore involvert i arbeidet med søknaden. Denne veka skal 40 deltakarar frå alle dei ulike fagmiljøa som er involvert i doktorgradsprogrammet møtast til eit dagsseminar, der temaet er forskingsgrupper.

Eit stort steg

Dersom dei to nye doktorgradsprogramma blir godkjende, vil dette vere eit nytt steg på vegen mot ein søknad frå HVL om akkreditering som universitet.

Frå før av har HVL doktorgradsprogrammet i datateknologi og i studiar av danning og didaktiske praksisar, i tillegg til eit delt doktorgradsprogram i Nautiske operasjonar i samarbeid med UiT, HSN og NTNU.