Landa på struktur med 17 institutt

nstituttstruktur var saka som blei mest diskutert under styremøtet i Sogndal 28. september, der det særleg var talet institutt på Fakultet for ingeniør- og naturvitskap som var tema.

Rektor Berit Rokne fremma eit forslag med fem institutt på Fakultet på ingeniør- og naturvitskap (FIN), medan dekan Geir Anton Johansen hadde ønske om sju institutt.

Til slutt var det forslaget frå dekanen som fekk gjennomslag, men styret la til grunn at fakultetet i løpet av neste åremålsperiode skulle jobbe seg fram til ein struktur med færre institutt, slik rektor ønskte.

– Eg meiner tida er moden til at vi realiserer færre institutt, i tråd med prinsippa styret la til grunn for organisering av nivå tre. Slik kan vi få faglege synergiar av fusjonen, og realisere nye typar samarbeid, sa Berit Rokne.

Då Johansen blei utfordra i spørsmålet, var han ikkje prinsipielt usamd i dette, men fortalde om eit behov for meir tid til å sjå på fruktbare faglege samansetningar. Det var dette ønsket fleirtalet i styret til slutt valde å høyre på.

Fagleg eigenart versus fagleg samarbeid

  • I forkant av prosessen med fagleg organisering, la styret til grunn fire prinsipp. Institutta skulle vere:
  • Campusovergripande: for å auke kunnskap og kompetanse gjennom deling
  • Store: for å sikre samanhengar mellom breidda i bachelorprogram, grunnlaget for masterprogram og god kopling mellom forsking og undervisning
  • Ha kapasitet til masterprogram: slik at studentar ved HVL skal ha høve til å studere på alle syklusnivå
  • Sette studenten i sentrum: det vil seie at studentane sine faglege behov og kandidatproduksjon skal vere den primære rettesnora for organiseringa

OU-prosjektet ”Fagleg organisering” har pågått over nokre månader, og mange løysingar til modellar har vore drøfta i dei ulike fagmiljøa. Dei tilsette har peika på ei rekke dilemma, og dekanane har stått i situasjonar der dei såg at ikkje alle omsyn kunne ivaretakast. I etterkant av høyringane har kvar av dekanane kome med framlegg til ein eller to modellar for instituttstruktur.

Nokre av fagmiljøa har strevd spesielt med å innfri prinsippet om store institutt. Fleire fag har ivra for å stå aleine – mellom anna idrett, som likevel enda opp i eit institutt i lag med Kroppsøving, Mat og helse og Naturfag.

Under diskusjonen om Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, blei mellom anna fagmiljøet for branningeniørar av nokre framheva som eit miljø som burde stå aleine, grunna fagleg eigenart. Frykta var at ein elles kom til å "pakke vekk" faget og gjere det mindre synleg for viktige samarbeidspartar i næringslivet, slik som Statoil.

Andre i styret meinte at fagleg eigenart i seg sjølv ikkje var eit argument for at eit fag skulle organiserast i eit eige institutt. Desse styremedlemmene sa mellom anna at fagleg eigenart kunne framhevast gjennom andre grep enn struktur – og at struktur dessutan skulle vere ein hjelp til å sjå faglege samanhengar, heller enn å framheve forskjellar.

Det var også uro for korleis ein eventuelt skulle gå fram for å nedskalere talet institutt og instituttleiarar ved FIN i neste runde.

Rektor sitt framlegg blei nedstemt

Saka om talet institutt på Fakultet for ingeniør- og naturvitskap gjekk til votering. Det er tretten røysteføre personar i styret, og rektors framlegg fekk fem stemmer. Styremedlem Tom Skauge fremma eit alternativt forslag om sju institutt, der fakultetet i løpet av første åremålsperiode skulle reduserast til fem eller færre institutt. Dette forslaget fekk åtte stemmer.

For rektor sitt forslag til vedtak røysta Arvid Hallén, Kari Kjenndalen, Christine Øye, Marit Ubbe og Sissel J. Brenna. Mot røysta Gunnar Birkeland, Tom Skauge, Marie Eikemo Larsen, Trond Ueland, Aina Berg, Sondre Riisøen, Gunnar Yttri og Cecilie Fredheim.

Sjølv om dei fire prinsippa for organisering har lagt sterke føringar for arbeidet, er det klart at det ikkje har vore muleg å følge prinsippa i eitt og alt. Det at fakulteta blei ganske forskjellige i storleik – med to store og to små – gjorde i seg sjølv at ein del av institutta også måtte bli små.

Ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har faga blitt organiserte etter disiplinane, heller enn etter studia, noko som i utgangpunktet bryt med prinsippet om ”Studenten i sentrum”. Likevel er det gjort grep for å kompensere for dette – fakultetet får eit ekstra sett med faglege leiarar for dei ulike lærarstudia.

– Dette vil vere med på å sikre identitetsbygginga fram mot å bli lærar, sa Rokne til styret.

Slik det blei

Namna på institutta blei ikkje diskutert i denne runda, og er dermed mellombelse. Instituttstrukturen ved HVL som til slutt blei vedteke, ser slik ut:

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

  • Institutt 1: Idrett, Kroppsøving, Mat og helse, Naturfag
  • Institutt 2: Pedagogikk GLU/BLU, PPU Y/A, IKT i læring, Samfunnsfag, KRLE
  • Institutt 3: Norsk, Engelsk, Matematikk, Teiknspråk
  • Institutt 4: Kunst og handverk, Musikk, Drama

Fakultet for helse- og sosialfag

  • Institutt 1: Sjukepleie, Jordmor, Helsesøster mm.
  • Institutt 2: Fysioterapi, Ergoterapi, Radiografi
  • Institutt 3: Barnevern, Sosialt arbeid, Vernepleie

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

  • Institutt 1: Maskin og marin
  • Institutt 2: Bygg
  • Institutt 3: Miljøvitskap (Fornybar, Geologi, Landskap)
  • Institutt 4: Data og Realfag
  • Institutt 5: Bio og kjemi
  • Institutt 6: Elektro
  • Institutt 7: Sikkerheit

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap

  • Institutt 1: Nautiske fag
  • Institutt 2: Økonomi og administrasjon 
  • Institutt 3: Samfunnsvitskap

Meir informasjon