Verdas første disputas i nautiske operasjonar

Fredag 5. april blei verdas første disputas i nautiske operasjonar gjennomført. Dette er også den første disputasen innan eit av HVL sine doktorgradsprogram.

Ph.d.-programmet i nautiske operasjonar blei oppretta i 2017, og er eit samarbeidsprosjekt mellom UiT – Norges arktiske universitet, NTNU, Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Sørøst-Norge.

– Denne fellesgraden er ein del av eit større utviklingsprosjekt som skal bidra til å heve kompetansen i sjøfartsnæringa, fortel professor Helle Oltedal ved Institutt for maritime studium, som er medlem i programstyret for fellesgraden.

Aukande digitalisering

Ph.d.-stipendiat Odd Sveinung Hareide er tilsett i Sjøforsvaret, og disputerte fredag med avhandlinga «The Use of Eye-Tracking Technology in Maritime High-Speed Craft Navigation», som tar for seg den aukande digitaliseringa på skipsbruer.

I arbeidet sitt har Hareide mellom anna brukt «Eye-tracking technology», som er briller som følger augebevegelsane til den som brukar dei, for å undersøke om ein får like godt utbytte av simulatortrening som trening til sjøs.

Viktig kompetanseheving

Per dags dato har HVL fem eigne stipendiatar som er tatt opp i doktorgradsprogrammet i nautiske operasjonar, og doktorgradsprogrammet har såleis ei viktig betydning for HVL sin universitetsambisjon.

– Alle stipendiatane tilhøyrer Institutt for maritime studium, og dette er ein viktig del av kompetansehevinga ved instituttet vårt. Som sjøfartsnasjon er vi også heilt avhengige av å bygge opp kompetanse som stiller oss i ei særstilling internasjonalt, seier Oltedal.