Arrangement og formidling

Biblioteket er ein arena for formidling, der vi m.a har arrangement, utstillingar og boklanseringar. Du er velkomen til å vere med! Ønskjer du sjølv å dele noko? Ta kontakt med ditt campusbibliotek og vi hjelper deg.

Bergen

Vil du dele forsking eller kulturinnslag med kollegaer og studentar i Bergen? Biblioteket si formidlingsgruppe tilrettelegg for deg med hjelp til det praktiske og til marknadsføring. Sjå meir av våre tilbod.

Forsking i fyr og flamme

Forsking i fyr og flammeHar du noko du ønskjer å dele med andre, som enkeltforskar eller som del av eit miljø? Det kan vere eit enkelt foredrag, eit forskingsprosjekt, eller kanskje framføring av eit kunstnerisk utviklingsarbeid.

Vi legg opp til ein times arrangement i Fyrrommet. Du får tre kvarter til presentasjonen og resten av tida til kommentarar og spørsmål.

Besøk Forsking i fyr og flamme si eiga side.

Boklansering

Har du ei rykande fersk bok? Ei boklansering kan vere ein god samtale mellom forfattar og publikum.

Vi arrangerer boklanseringar både på Kronstad og i Møllendalsveien.

Utstillingar

UtstillingHar du noko du vil vise fram? Biblioteket har utstillingsplass og vi stiller han gjerne til disposisjon.

Temautstillingar
Desse kan brukast til å belyse spesielle emner som del av undervisninga eller i samband med konferansar og møter.

Forskingsarbeid
Vi lagar utstillingar i samband med fagmiljøa sine forskingsarrangement, eller til Forsking i fyr og flamme.

Vandreutstillingar
Vi huser også aktuelle vandreutstillingar.

Kontakt formidlingsgruppa

FormidlingsgruppenVi vil samarbeide med deg!
Vil du samarbeide med oss?
Send ein epost til Bodil Moss.

Haugesund

Biblioteket i Haugesund inviterer jamleg til fagpresentasjonar av ulike slag, med både interne og eksterne krefter. Ta kontakt med oss dersom du har noko du ønskjer å presentere. 

Fredagskaffi i biblioteket

På Fredagskaffi i biblioteket kan du presentere en bok eller del av en bok du har skrevet eller redigert, en artikkel du har publisert, eller et forsknings-/utviklingsarbeid du jobber med. Tidspunktet for våre fagpresentasjoner er vanligvis fredag fra kl 14.00 – ca 14.45

Eksempler fra 2018:

14. desember: Kåre Johan Mjør: «Imperium, nasjon, revolusjon: Arven frå Sovjetunionen i det 21. hundreåret».

 

Sogndal

Kvar månad inviterer HVL-biblioteket Sogndal til fagleg påfyll for studentar og tilsette gjennom sine bokkaféar. Ta kontakt med oss dersom du har noko du ønskjer å presentere.

Bokkafé

På bokkaféane kan tilsette og studentar ved høgskulen formidle eigne publikasjonar. Dette er korte, tverrfaglege arrangement der målet er å bidra til kunnskap om ulike fagfelt og forsking som føregår på høgskulen.

Kaféane føregår ved lunsjtider, skal vera uformelle og ha ein lett og munnleg stil.

Vår faste kafévert, Katrine Sele, vil som regel leie presentasjonen, og i siste del vert det opna for spørsmål og samtale.

Tilhøyrarane tar med seg matpakka, og så spanderer biblioteket kaffi, te og twist.

  • Ønskjer du å presentere på bokkaféen?
  • Har du forslag til presentasjonar på bokkaféen?

Ta kontakt med Gerd Vik eller Astrid Sandnes.

Utstillingar

På biblioteket Sogndal finn du:

  • biblioteket sine eigne utstillingar på aktuelle tema.
  • oppslagstavler der vi stiller ut HVL-tilsette sine forskingsarbeid
  • utstillingar i samband med eigne bokkaféar
  • utstilte nyinnkjøpte bøker (desse er til utlån)
  • utstillingar i samband med arrangement/konferansar/møter på HVL
  • utstillingar av studentarbeid
  • vandreutstillingar


Har du noko du vil vise fram? Eller kanskje ein ide til ei aktuell temautstilling for ditt fag?

Biblioteket har utstillingsplass og vi stiller den gjerne til disposisjon.
Vi hjelper deg gjerne med å tilrettelegge/lage utstillinga.

Kontaktperson: Toril Engesæter.

Stord

Biblioteket på Stord arrangerer med jamne mellomrom faglunsjar der tilsette presenterer den nyaste forskinga si. Ta gjerne kontakt med oss om du har eit arbeid du ønskjer å presentera. 

Faglunsjar

På faglunsjar presenterer tilsette ved campus Stord den nyaste forskinga si. Ta gjerne kontakt med oss om du har eit arbeid du ønskjer å presentera. Det kan vera ei bok du har skrive eller redigert, ein artikkel du har publisert, eller eit forskingsarbeid du står midt oppe i.

Tidspunkt for faglunsjar er onsdagar kl. 12.15-13.00.

Oversikt over tidlegare og kommande faglunsjar. 

Utstillingar

Biblioteket har ei hylle ved inngangen der me stiller ut artiklar og bokutdrag av ferske publikasjonar ved Campus Stord. Send oss gjerne den siste publikasjonen din, så når du eit endå større publikum. 

Lansering

Ta kontakt med oss om du ønskjer å arrangera ei boklansering på biblioteket. Me stiller lokale til dispensasjon og hjelper til med arrangementet.