Finn litteratur og fagstoff

Som student eller tilsett ved HVL har du gratis tilgang til mange gode informasjonsressursar, både trykte og digitale. Dei digitale ressursane har du også tilgang til heimefrå.

Korleis finn eg?

Bøker

Søk i Oria for å sjå om biblioteket har boka du treng. I Oria finn du både trykte bøker og e-bøker.

Er boka du treng utlånt, kan du sette deg på venteliste. Logg på i Oria med Feide-id for å reservere.

Når du søker i Oria via HVL Bibliotek, fortel Oria deg kva som finst i våre samlingar. Du kan utvide søket til å gjelde «Norske fagbibliotek». Bestiller du ei bok HVL ikkje har, låner vi henne inn frå eit anna bibliotek. Dersom du ikkje finn den aktuelle boka i Oria, kan du sende inn ei bestilling via fana Finn ikkje?.

Du kan også søke i utanlandske bibliotekbasar etter bøker. For å søke etter innhald i bøker, prøv Google Books

Finn du ikkje boka du leitar etter, kan du også foreslå innkjøp

E-bøker

E-bøker finn du ved å søke etter e-bøker i Oria.

Sjå òg samla informasjon om e-bøker.

Artiklar

Treng du artiklar om eit bestemt tema, kan du starte med eit søk i Oria, men det mest nøyaktige søket gjer du ved å søke i ein av biblioteket sine fagdatabasar. Du kan òg søke etter artiklar i Google Scholar. HVL testar for tida også ut det KI-baserte søkeverktøyet Keenious.

Sjå Browzine om du ønskjer å søke på tidsskrifttittel.

I Libkey kan du søke på DOI-en til ein artikkel og få lenke vidare til fulltekst. DOI står for Digital Object Identifier og er ein standard for påliteleg identifisering av eit elektronisk dokument.

Aviser

Alle campusbibliotek har eit utval papiraviser du kan lese i. I tillegg får du digital tilgang til aviser på følgjande stader:

Atekst
Atekst gir deg fullteksttilgang til redaksjonsarkiva til dei fleste store norske avisene og fleire mindre.

Nasjonalbiblioteket
Nasjonalbibliotekets digitale avistjeneste gir deg tilgang til eldre digitaliserte aviser.

Pensum

Pensumlister til dei ulike studia ved HVL. 

Alle bibliotek har bøkene som er pensum ved studia på den aktuelle campusen. Normalt vil det finnast to eksemplar for vanleg lån og eitt eksemplar for dagslån. Ta kontakt med ditt campus-bibliotek om noko manglar.

Ordbøker

På nett finn du mellom anna Bokmålsordboka og Nynorskordboka og den omfattande Ordnett (Kunnskapsforlagets blå ordbøker på fleire språk).

Sjå elles biblioteket si fullstendige oversikt over ordbøker ved HVL.

Du finn òg trykte ordbøker på alle biblioteka.

Studentoppgåver

Tidlegare studentoppgåver finn du i fulltekst i vårt vitenarkiv HVL Open. Du vil ikkje nødvendigvis finne alle oppgåver, då studentar kan velje å ikkje publisere dei. Dei er òg søkbare i Oria

Les meir på sida Publisering av oppgåver.

Frå 2018 finn du dette i HVL Open

  • Bacheloroppgåver med karakter A og B.
  • Masteroppgåver som er bestått.

Frå 2008 til 2017 finn du dette i HVL Open

  • Bergen: Masteroppgåver. Bacheloroppgåver finst i trykt form på biblioteket. Tilgang varierer mellom institutta.
  • Haugesund og Stord: Masteroppgåver med karakteren A, B eller C. Bacheloroppgåver med karakteren A eller B. (Lærarutdanninga frå 2011).
  • Sogndal og Førde: Bachelor- og masteroppgåver.

Standardar

For studentar:
Treng du ein standard frå Standard Norge kan du søke i Oria for å sjå om HVL har standarden som trykt publikasjon. Om HVL ikkje har standarden, kan du tegne et eige studentabonnement, som gir deg lesetilgang til alle NS-, IEC-, ISO- og NEK-standardar.

For tilsette:
Standardar frå Standard Norge kan du finne i elektronisk format og/eller som trykte publikasjonar. Frå 1. mars 2024 må du registrere deg som brukar for å få digital tilgang. Kontakt biblioteket for bestilling av standardar vi ikkje har. Du kan ta utskrift at standardar HVL har i sitt abonnement.

Sjå også bibliotekets ressursoversikt for andre standardar og regelverk.

Bilde til bruk i oppgåva mi

Skal du bruke andre sine bilde i oppgåva di, må du anten sjølv må skaffe løyve til å bruke bildet, eller vere sikker på at opphavspersonen allereie har klarert bildet for fri bruk.

Som student ved HVL kan du fritt bruke bilde frå bildedatabasen Britannica ImageQuest. Kvart bilde har informasjon om kjelde/opphavsperson og har ferdig utforma referanse i APA og andre siteringsstilar. Opprett eigen konto om du vil merke bilde utan å laste dei ned. Quick tour gir deg ein kort gjennomgang av databasen.

Du kan òg finne bilde til fri bruk via Creative Commons Search, eller søke i Google på "Bilder uten copyright".

Les meir om bruk av andre sine bilde.

Nye bøker på biblioteket

Læremiddel

Alle campus som tilbyr lærarutdanning, har eigne samlingar med læremiddel. Infomasjon om læremiddelsamlingane og lenker til digitale læringsressursar finn du på sida Læremiddel for grunnskulen.

Digitale læringsressursar (DLR)

DLR (Digitale læringsressursar) er ein nettstad for open lagring og deling av læringsressursar (filmar, presentasjonar, m.m.). Her kan du finne og bruke læringsressursar andre har laga og publisert, og du kan dele dine eigne filer.

Finn program og verktøy

Lurer du på korleis du finn fram i biblioteket?

Sjå denne filmen, som viser korleis du enkelt kan søke, finne og låne bøker:

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

Bli kjent med HVL-biblioteket

Har du tips om litteratur vi burde hatt?

Kom gjerne med ønske om bøker, tidsskrift eller andre media.

Send oss ditt innkøpsforslag