Arrangement og formidling

Biblioteket er ein arena for formidling, der vi m.a. har arrangement, utstillingar og boklanseringar. Ønskjer du sjølv å dele noko? Ta kontakt med ditt campusbibliotek så hjelper vi deg.

Presenter forskinga di

På våre campusbibliotek har vi fora som passer for å presentere forskinga. Det kan vere ei bok du har skrive eller redigert, ein artikkel du har publisert, eller eit forsknings-/prosjektsarbeid du står midt oppe i. Det går òg fint å presentere eit kunstnarisk utviklingsarbeid.

Har du ei rykande fersk bok? Då kan vi leggje til rette for ei boklansering. Det kan bli ein god samtale mellom forfattar og publikum.

Les meir om våre faste arrangement som er spesialsydde for formidling av forskning:

Utstillingar

Har du noko du vil vise fram? Biblioteket har utstillingsplass og vi stiller han gjerne til disposisjon. 

I tillegg har alle biblioteka faste utstillingar med nye bøker, og på nesten alle campus blir HVL-tilsette sine forskingsarbeid vist fram.

DLR - deling av digitale læringsressurser

Med DLR kan du samle alle dine digitale læringsressurser på ett sted, publisere og dele de beste. Se også info om DLR.