Koronatiltak ved biblioteket
Opne bibliotek
Campusbiblioteka er opne og bemanna som vanleg, men på grunn av kortare opningstid på campus er det redusert tilgang til meirope bibliotek på kveldstid.
Skrankane våre på opne bibliotek er bemanna, men av omsyn til smittevern kan bibliotekarane berre ha kortare rettleiingar i bibliotekslokalet. Lengre rettleiingar som søkehjelp, skrivehjelp m.m. må skje digitalt (sjå tilbodet i eige punkt under).
Me ber alle besøkande om å følgja FHI sine smittevernreglar og halda anbefalt avstand til tilsette og medstudentar. Handdesinfisering er tilgjengeleg i inngangspartia og rundt om i lokala våre.
Opningstider på biblioteket
Bruk av biblioteket sine arbeidsplassar og grupperom
Arbeidsplassar og grupperom kan nyttast. men talet på arbeidsplassar er redusert av omsyn til smittevern. Det er tilgang på datamaskinar i alle biblioteka, men me oppmodar studentar og andre om å bruka eigen PC når det er mogleg. I tillegg til generelle smittevernreglar frå FHI gjeld følgande:
- Respekter merking og skilting om kor mange som kan sitja ved kvart bord og ikkje ta i bruk stolar og arbeidsplassar som er sperra eller på anna vis markert som ikkje i bruk.
- Bruk handdesinfisering som er tilgjengeleg i lokalet.
Ta vare på deg sjølv og medstudentane din!
Rettleiing og hjelp
Biblioteket si rettleiing vil fortrinnsvis være digital dette semesteret.
Drop in-rettleiing i referansar, søking og akademisk skriving:
Me gir rettleiing og hjelp til store og små spørsmål via Zoom alle kvardagar.
Skriverettleiing frå skriverettleiar:
Bestill tid hos Skrivehalvtimen.
Skreddarsydd rettleiing til litteratursøk:
Bestill tid via Lån ein bibliotekar
Chat med ein bibliotekar:
Open kvardagar mellom 10-14.
Vi er òg tilgjengelege på e-post og telefon. Sjå kontakt oss.
For meir informasjon sjå Få hjelp.
Digital tilgang
HVL sine studentar og tilsette har tilgang til alle våre e-bøker, elektroniske tidsskrift og databasar via Oria og sida for fagressursar.
Du har òg tilgang til desse om du jobbar heimefrå. Sjå info på sida Tilgang til biblioteket sine ressursar frå eigen datamaskin. Sjå òg info om Tilgang til e-bøker.
Vi gjer merksam på at Nasjonalbiblioteket har avslutta den utvida digitale tilgangen til norske, digitale bøker. Sjå info om Nasjonalbiblioteket sitt ordinære tilbod.