Bestilling og utlevering av bøker

Studentar og tilsette ved HVL kan bestille bøker frå våre fysiske samlingar.

Bestill

Tilsette og studentar bestiller bøker via Oria. Bøker kan hentast på oppgitt tid og stad etter hentemelding er sendt ut. Sjekk opningstid og utleveringspunkt for ditt campusbibliotek lenger nede på sida. Grunna flytting er det ikkje mogleg å bestille bøker frå Møllendalsveien. Alle tilsette og studentar frå Møllendalsveien har blitt gjort om til lånarar på Kronstad og kan bestilla bøker som alle andre.

Utlevering og retur

Hentemelding blir sendt når bøkene er klare til å bli henta. Når hentemeldinga er sendt, har du 3 arbeidsdagar til å hente det du har bestilt. Ta kontakt om du ikkje har moglegheit til å henta innan fristen. Ring oppgitt telefonnummer for ditt campusbibliotek når du er ved døra. Ein bibliotekar kjem ut med bestillinga. Det er ikkje mogleg å låne bøker på campus uten å ha bestilt på førehand og fått hentemelding.

Innlevering av bøker skjer i same opningstid som utleveringa. Det er ein innleveringsboks på utsida av campusbiblioteka der ein kan levere. Ein treng ikkje kontakte biblioteket for å levere.

Hent-og-lever ved ditt campusbibliotek

 

Kronstad

Tid for utlevering og innlevering

Måndag-fredag: kl.10-14
Telefon: 55 58 58 60
Inngang A
Tilsette har tilgang til biblioteket.

Førde

Tid for utlevering og innlevering

Måndag-fredag: kl.10-14
Telefon: 57 67 60 90
Hovudinngang
Tilsette har tilgang til biblioteket.

Haugesund

Tid for utlevering og innlevering

Måndag-fredag: kl.10-14
Telefon: 52 70 26 02
Hovudinngang, innleveringsboks v/ karuselldør.
Tilsette har tilgang til biblioteket.

Sogndal

Tid for utlevering og innlevering

Måndag-fredag: kl.10-14
Telefon: 57 67 60 92
Inngang ved kantina, innleveringsboks v/hovudinngangen i 5. etg.
Døgnopen innlevering.
Tilsette har tilgang til biblioteket.

Stord

Tid for utlevering og innlevering

Måndag-fredag: kl.10-14
Telefon: 53 49 15 53
Inngang på baksiden av biblioteket, innleveringsboks v/døren.
Tilsette har tilgang til biblioteket.

 

Husk smittevern!

Vi ber om at tilsette og studentar følger smittevernsreglane ved utlevering/innlevering av materiale.

  • Hald avstand på 1 meter
  • Andre må hente bestillinga for deg om du er i karantene eller isolasjon!
  • Hald deg heime om du har symptomar eller har vore i kontakt med nokon som har fått påvist korona.