Skrivesenteret Stord/Haugesund

Får du ikkje fram det du vil seia i teksten din? Lurer du på kva det er å skriva akademisk? Er det vanskeleg å koma i gang? Skrivesenteret Stord/Haugesund tilbyr kurs og rettleiing.

Her kan du koma med spørsmål om oppgåvestruktur, språk og liknande. Små og store spørsmål innan alle oppgåvetypar er velkomne.

Merk at Skrivesenteret er meint som eit tilleggstilbod til studentane og erstattar ikkje den faglege rettleiinga dei mottar.

Dersom du ønskjer rettleiing, ta kontakt med:
Kåre Johan Mjør (Stord)
Grethe Høyvik Hansen (Haugesund)

Spørsmål om kurs kan rettast til Kåre Johan Mjør.