Dramapedagogikk og anvendt teater

Master Hausten 2020

Vil du jobbe med drama og teater i skulen, kulturskulen, innan helse, integrering eller anna sosialt arbeid? Då er dette eit aktuelt masterstudium for deg!

Neste planlagde opptak er hausten 2021.

Dette er eit kunstpedagogisk studium som bygger på tidlegare utdanning og erfaring i drama og teater. Studiet er forskingsbasert, og krev at du har interesse og evne til å reflektere teoretisk. Gjennom utdanninga utforskar du særtrekka i fagområdet frå teori til framføring.

Du tileignar deg kunnskap om:

  • Dramapedagogikk og teaterteori
  • Prosjektleiing /anvendt teaterprosjekt
  • Vitskapsteori, forskingsmetode og akademisk skriving
  • Kunstnarisk utviklingsarbeid

I tillegg skriv du masteroppgåve. Du kan velje mellom to variantar: Ei avhandling som monografi eller ei avhandling med dramapedagogisk- eller anvendt teaterproduksjon som praktisk komponent.

Som masterstudent kan det vere høve til å delta i forskingsprosjekt med forskarar frå HVL og andre institusjonar.

Undervisningsmåtar

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, seminar, rettleiing individuelt og i grupper, workshop/forestilling og sjølvstudium. Studiet føreset stor grad av sjølvstendig arbeid.

Undervisning i form av fagkonferanse/ekskursjon inngår mellom dei aktuelle arbeidsformene. Kostnader ved denne undervisninga må du dekke sjølv.

Det er forventa at du deltar aktivt med seminar- og prosjektframlegg i studiet. Dette krev aktiv studiedeltaking bunde til opphald ved studiestaden.

Praksis

Studiet inneheld praksis.

Vil du studere meir?

Fullført studium kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudiet Studium i danning og didaktiske praksisar, der fagfeltet drama/teater er ei fordjupingsmoglegheit.

Utveksling

HVL har fleire utanlandske samarbeidspartnarar, både i og utanfor Europa. Du kan reise på utveksling i eitt semester til ein av samarbeidspartnarane våre, vanlegvis i vårsemesteret i 1. studieår.

Utveksling med Shanghai Theatre Academy kan skje i første semester 2. studieår, enten som feltarbeid for eiget prosjekt, eller i prosjektsamarbeid med andre studentar.

Kor kan du reise?