Elkraftteknikk

Bachelor, hausten 2020

Elkraftteknikk er eit breitt fagområde som dekker produksjon, distribusjon, installasjon og bruk av elektrisk energi. Elkraftingeniørstudiet er ei allsidig utdanning som gjer deg ettertrakta på jobbmarknaden.

Ein kvardag utan elektrisitet kan vi knapt sjå for oss. Elektrisk straum er ein berebjelke i det moderne samfunnet.Elkraftingeniøren bidrar til at verdikjeden fungerer, frå fornybar energiproduksjon til overføring av elektrisitet til private eller offentlege bygg, transport eller industri. Elkraftteknologi bind det heile saman.

Elkraftstudiet gir deg kompetanse innan prosjektering, dimensjonering, bygging, drift og vedlikehald av elektriske system. Fagtilbodet dekker også system for styring og overvaking av elektrotekniske system generelt. System og utstyr for skip og offshoreverksemd er eit satsingsområde for utdanninga.

Studieretningsfaga, valfaga og bacheloroppgåva gir deg høve til å fordjupe deg i tema som modellering og simuleringsteknikk, planlegging og prosjektering, energiøkonomisering, fornybare energikjelder, elektroteknisk og elektronisk utstyr og system.

Undervisningsmåtar

Vanlege arbeidsformer er forelesingar, rekneøvingar og laboratoriearbeid, der både gruppearbeid og sjølvstudium kan inngå. Laboratorieoppgåvene kan vere målingar på enkeltkomponentar, praktisk drift av utstyr eller simulering på datamaskin.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i grupper med 2-4 personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet. Mange av studentane tek den avsluttande bacheloroppgåva i ei bedrift i regionen.

Kva kan du jobbe med?

Elkraftstudiet er ei brei utdanning som gir mange spennande jobbmoglegheiter.

Dei viktigaste arbeidsområda er elektroteknisk eller elektronisk industri, prosessindustri, elektrisitetsforsyning og installasjonsgjeremål på land og offshore. Arbeidsoppgåvene til elkraftingeniøren er også innanfor landbasert industri, energiforsyninga og konsulentbransjen. Elkraftingeniøren vil i tillegg ha ei sentral rolle i det fornybare samfunnet i framtida.

Elkraftingeniøren prosjekterer elektriske og elektroniske system, er konsulent og elektroentreprenør, og fører tilsyn med elektriske anlegg. Elkraftingeniøren er godkjend som ansvarleg for prosjektering, drift og vedlikehald av elektriske anlegg som er under offentleg kontroll og tilsyn.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits, Spania, USA og New Zealand.

Kor kan du reise?