Ergoterapi

Bachelor Hausten 2020

Som ergoterapeut arbeider du med menneske i alle aldrar som på grunn av sjukdom, skade eller andre utfordringar har vanskar med å meistre daglege aktivitetar og delta i samfunnet.

Ein ergoterapeut skal fremme deltaking i meiningsfulle aktivitetar ved å gjere bruk av kunnskap og ferdigheiter om korleis samspelet mellom person, aktivitet og miljø påvirkar aktivitetsutføringa. Aktivitets- og funksjonsanalyse, metodisk og terapeutisk bruk av aktivitet, trening, rettleiing, og tilrettelegging av omgjevnader og/eller aktivitet inngår i arbeidsoppgåvene til ergoterapeuten.

Som ergoterapeut arbeider du for å fremme helse, meistring, deltaking og livskvalitet. Dette krev at du har kunnskap om mellom anna psykologi, anatomi, fysiologi, sjukdomslære, etikk, pedagogikk, kommunikasjon og andre relaterte tema.

Utgangspunktet til ergoterapeutar ligg i mennesket sitt behov for å vere i aktivitet. Du vil vere nøkkelpersonell innan kvardagsrehabilitering, og skal tilrettelegge for at ein person eller ei gruppe kan fungere best mogleg i kvardagen.

Gjennom utdanninga lærer du:

  • å vurdere menneske sin funksjon, aktivitetsutføring og omgjevnader
  • korleis du brukar tiltak som behandling, opptrening, tilpassing av omgjevnader eller tekniske hjelpemiddel som trengst i heim, arbeid, skule og fritid
  • Du har undervisning knytt til rehabilitering, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi, universell utforming, nevrologi, kroniske sjukdommar og grunngiving for intervensjon

Undervisningsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom forelesingar, basisgruppearbeid, ferdigheits- og simuleringstreningar og seminar.

Praksis

  • 1. studieår: 3 dagar (introduksjonsveke) + 7 veker
  • 2. studieår: 11 veker
  • 3. studieår: 11 veker

Du må rekne med reising i fleire av praksisperiodane. Vi har praksisplassar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Vest-Agder.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 2. og 3. studieår.

Kor kan du reise?