Forskingsetikk

Forskingsetikk handlar om etiske aspekt ved forskingsprosessen, og er regulert av eit mangfaldig sett av verdiar, normer, lover, forskrifter og institusjonelle ordningar.

Forskingsetikk skal vere ein integrert del av forskinga, og skal bidra til å konstituere og regulere all vitskapeleg verksemd. Forskaren har såleis eit etisk ansvar både for den enkelte deltakar i prosjektet og overfor vitskapen.

HVL har ansvar for at forskingsaktiviteten følgjer anerkjente etiske normer, mellom anna ved å sikre nødvendig opplæring av tilsette og studentar, og legge til rette for og etablere gode system og rutinar som ivaretar etiske omsyn.

Personvern og personopplysningar

Hovudprinsippet for forsking med menneske er at det skal bygge på respekt for den enkelte, informert samtykke og konfidensialitet. Personvernet til deltakarane i forskingsprosjekt skal settast høgt. Dersom du skal samle inn personopplysingar, må personvernkonsekvensar vurderast før du startar. Dette blir gjort av Norsk senter for forskingsdata, som er HVL sin personvernrådgivar.

Retningslinjer for vern og utveksling av personopplysningar

Helseforsking

Helseforskingslova omfattar forsking på menneske, humant biologisk materiale eller helseopplysingar som blir utført med vitskapeleg metodikk for å skaffe ny kunnskap om helse og sjukdom. Dersom forskinga di fell inn under helseforskingslova, skal prosjektet førehandsgodkjennast av Regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskningsetikk. 

Retningslinjer for vern og utveksling av personopplysningar og helseforskingsdata

HVL sin forskingsservar

Før du startar innsamling av data, skal prosjektet førehandsvurderast av Norsk senter for forskingsdata eller Regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk. Prosjektet skal deretter registrerast på HVL sin forskingsservar. All behandling av personopplysningar og helseforskingsdata skal foregå på forskingsservaren. Dette gjeld både studentar og tilsette.

Registrering og handtering av personoppplysningar og helseforskingsdata

Skrive eller rettleie ei studentoppgåve

Studentar har eit sjølvstendig ansvar for at arbeidet med studentoppgåver følgjer  forskingsetiske normer, reglar og retningslinjer som gjeld for prosjektet og fagområdet.

Rettleiar har ansvar for å godkjenne prosjektplanen og sjå til at dei forskingsetiske forpliktingane blir oppfylt. 

Publisering og medforfattarskap

Ein huvudregel for medforfattarskap er at alle ein har hatt vesentlege bidrag i forskings- og skriveprosessen. Ulike fagområde har sine eigne reglar og normer for medforfattarskap.

Forskingsetisk utval

HVL har eit forskingsetisk utval som skal bidra til at det blir utvikla ein god kultur for forskingsetikk og eit godt system for førebygging av brot på forskingsetiske reglar. Utvalet behandlar også saker ved mistanke om vitskapelig uærlegdom og andre forskingsetiske saker. 

Mistanke om vitskapeleg uredelegheit

Ved mistanke om brot på forskingsetiske reglar eller vitskapeleg uredelegheit som gjeld ein tilsett, student eller medforskar ved HVL, skal saka normalt meldast til dekan ved det ansvarlege fakultetet. Det kan likevel vere tilfelle der det er naturleg å melde direkte til Forskingsetisk utval, til dømes der det er involverte frå fleire fakultet ,eller der fakultetet si leiing er involvert eller av andre grunnar blir vurdert som inhabil.

Mistanken skal leggjast fram skriftleg, og skal grunngi eller sannsynleggjere at den påståtte uredelegheita eller handling i strid med god vitskapleg praksis, har skjedd.

Meldeskjema ved mistanke om vitskapelig uærlegdom

Skjemaet skal sendast til forskingsetikk@hvl.no.