HVL sin forskingsservar

All behandling av personopplysningar og helseforskingsdata skal foregå på HVL sin forskingsservar. Dette gjeld både for studentar og tilsette.

Før innsamling av data skal prosjektet førehandsvurderast og registrerast på følgjande måte:

  1. Meldeskjema for behandling av personopplysningar skal sendast til Norsk Senter for forskingsdata, som er HVL sin personvernrådgivar for forsking. Dersom det gjeld helseforsking skal det sendast søknad om førehandsgodkjenning til  Regionale etiske komitear for medisinsk og helsefagleg forsking

  2. Når positivt svar føreligg, skal prosjektet registrerast på HVL sin forskingsservar. Innhaldet du blir bedt om å oppgi i skjemaet er basert på krav i Personvernforordninga, artikkel 30.

  3. Når lagringsområdet på forskingsservaren er oppretta, får du tilsendt log-in og lenke til serverområdet. Når du har logga deg inn kan du starte datainnsamlinga. 

For data som blir innsamla med opptaksutstyr (lyd, bilde, video) som er knytta til Internett, skal data overførast til forskingsservaren umiddelbart og slettast frå opptakseininga seinast innan eit døgn. Overføringa bør fortrinnsvis foregå ved bruk av kabel (for eksempel micro USB til USB), og aldri i opne nettverk. All vidare behandling av dataene skal foregå på HVL sin forskingsservar. Alle data på eksterne enheter (opptaksenheter/pc-ar etc) skal slettes.

Har du spørsmål?

Personvernombud
Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering