Folkehelse, livsstil og overvekt (FLO)

Forskingsgruppa tek utgangspunkt i 15 års erfaring med fedmekirurgi ved Førde sentralsjukehus, og forsking på korleis personar med fedme kan få betre helse og livskvalitet gjennom livsstilsendringar i samarbeid med Haugland Rehabiliteringssenter.

I dei nyare forskingsprosjekta løftar forskarane blikket frå den eine pasienten med alvorleg fedme for å forklare kvifor så mange blir overvektige. Eit høgaktuelt tema er korleis samfunnet kan fange opp og førebyggje uhelse heilt frå barndommen av.

Eit anna forskingsområde er metodikken sjølvrapportering, som går ut på at pasientar vurderer og rapporterer sin eigen helsesituasjon før dei møter til time hjå behandlaren sin. Denne informasjonen vert deretter nytta inn i konsultasjonen slik at ein stimulerer til reell brukarmedverknad og høgare kvalitet i behandlinga.

Forskingsgruppa arbeider på tvers av fag og omfattar legar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ernæringsfysiologar, psykologar, idrettsvitarar, samfunnsvitarar og kjemikarar.

Utvalde pågåande forskingsprosjekt

  • Helse og livskvalitet før og etter kirurgisk behandling for sjukleg overvekt (Rek.nr: 2009/2174).
  • Rutinemåling av tilpassing til å leve med stomi saman med eit klinisk tilbakemeldingssystem i poliklinisk oppfylging av stomiopererte; vil det fremje tilpassinga til å leve med stomi? (Rek. Nr: 2016/255).
  • NORSE: Building bridges between psyche and soma through personalized and dynamic mental health systems (NFR-finansiert; nr: 269097.
  • ASK - Active Smarter Kids (NFR-finansiert. Rek.nr: 2013/1893).
  • Helse, miljø og livsstil hos ungdom i Sogn og Fjordane (Rek.nr: 2012/945).

Forskergruppeleiar

Professor
Institutt for helse- og omsorgsvitskap

.