Barnehagelærarutdanninga 70 år – Barnehagens fortid, notid og framtid

Bergen, Kronstad
Time icon
Når:27. august   11:00
Varer til: 31. august 15:00

Barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen feirar 70 års jubileum. Vi inviterar til fest for å markere og feire med ulike arrangement gjennom heile veke 35 (27. – 31. august). 

Offisiell opning av jubileumsveka

Måndag 27. august kl. 11 blir det opning av veka med tale, helsingar og jubileumskake. Det heile går føre seg på Kronstad i foajeen utanfor Mimes brønn. 

Program for den offisielle opninga

  • Kvifor feiring av barnehagekunnskap? Fakultetets visjonar for framtida.
  • Kva vil vi feire og korleis vil vi byggje vidare barnehagekunnskap i barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet?
  • Kvifor treng vi barnehagekunnskap som retter blikket bakover og framover i tid?

Framtid:

  • Kvifor treng vi barnehagekunnskap som retter blikket bakover og framover i tid?

Notid:

  • Barnehagelærarutdanninga sett frå studentperspektivet i dag
  • Barnehagelærarutdanninga sett frå barnevernsperspektiv
  • Barnehagelærarutdanninga sette frå eit profesjonsperspektiv
  • Barnehagelærarutdanninga sett frå eit eigarperspektiv

Fortid:

  • Barnehagelærarutdanninga – blikket bakover; kva var den viktigaste milepælen i mi tid som leiar?
  • Opent for helsingar og kommentarar om tydinga av barnehagekunnskap gjennom utdanning frå inviterte gjester, tilsette, studentar og representantar frå barnehagesektoren på Vestlandet.

 Vi opnar uka og jubileumskaka!