Barnehagelærarutdanninga 70 år - arrangement gjennom heile veka

Verkstad for barnehagar

Det vil bli laga til ulike verksted for barn i barnehagar vi har samarbeid med. Tema for aktivitetane er knytt opp til kunnskapsområda i barnehagelærarutdanninga:

Kunst, kultur og kreativitet – heile veka

Utdanninga innafor emne skal gje studentane erfaring med kunstfaglege, kulturfaglege og estetiske praksisar i barnehagen. Her har studentane arbeidd med sin årlege skulpturvandring i Bergen sentrum. Ei invitert barnegruppe deltar saman med studentane.

Barna har fått eit oppdrag som går ut på å gjera diverse leikande, fysiske aktiviteter knytt til ein eller fleire av skulpturane – for eksempel Edvard Grieg, Ole Bull, Liggande poet osv. Dette er ei formidlingsform som er i tråd med barn sin forskande, undersøkande og lekande form.

Skulpturvandringa har blitt filma, redigert og vil bli vist på skjermar på Kronstad i jubileumsveka.

Språk, tekst og matematikk – måndag 27. kl. 10.00 – 13.00

Studentar frå tredje klasse skaper eit miljø for språkleg, kulturell og matematisk utforsking for inviterte barn. Vi er kjempenysgjerrige – kom du og! Dette blir ein annleis dag til å arbeide med språk, tekst og matematikk.

Barns utvikling, leik og læring – fredag 31. 10.30 – 12.00

Med gartnarduk og strips er barnehagebarn frå Valheim barnehage med studentar og skaper ein verden for fantasi, kreativitet, leik og humor i Foajéhagen.

Natur, helse og bevegelse – måndag 27. kl. 10.00 – 13.00

Her vert det ulike aktivitetar som 1) rørsleleik i Foajéhagen, 2) aktivitet på sanserommet, 3) fysikk med barn og 4) utforsking av Mandala-hagen.

Aktivitetane er tilrettelagt for barn i alderen 4-5 år. Det vil bli satt av plass i kantina til å ete lunsj. 

Jubileumsutstilling i biblioteket (står i 14 dagar)

Kom innom biblioteket på Kronstad og ta ein kikk på eit utval av sentral pensumlitteratur for kommande barnehagelærarar gjennom 70 år.

Er det nødvendig med utdanning for å arbeide med barn? Dette er eit spørsmål som barnehagelærarstudentar er blitt møtt med gjennom tidene – meir før enn nå. Førestillinga om at kunnskap om barn er meir intuitivt og naturlig, enn noko som bør lærast, er vanleg. Då er det naudsynt å kunne svare på spørsmålet om kva kunnskap ein barnehagelærer har.

Pensumlitteraturen gir ein peikar til kva kunnskap utdanninga meiner er naudsynt for at barnehagelærarar skal meistre barnehagen sitt samfunnsoppdrag. 

Prosjekt (barne)hage – planter i (barne)hagen før og nå

Friedrich Fröbel (1782-1852) er omtala som barnehagens far. Han hadde sitt virke i Tyskland på første halvdel av 1800-tallet. Inspirert av filosofar som Rousseau og Pestalozzi tok Frøbel eit oppgjør med den strenge puritanske oppsedinga av barn. Han meinte at barn var født gode og at pedagogikken skulle inspirerast av heilheit og harmoni som synar seg i natur, religiøs pansofi og matematikk.

Hagen blei eit sterkt symbol på frøbelpedagogikken. Også i dag står kunnskap om plantar, vekstvilkår og natur sterkt i barnehagelærarutdanninga. Ein historisk hage er laga med inspirasjon frå Fröbelhagar i Europa, der ein kunne sjå hagar forma som symbol. Hagen på Kronstad er i form av ein Mandela. Det er faglærar Anne Lynngård og hennar studentar som har gjennomført prosjektet som del av jubileumsutstillinga. Lynngård er ansvarleg for omvising i hagen.