Arbeidslivsseminar 2020

Sogndal, Bragebygget, auditorium Yggdrasil
Time icon
Når:05. mars   12:00
Varer til: 16:00
Legg til i min kalender

Bachelorutdanningane ved Institutt for samfunnsvitskap på campus Sogndal inviterer til Arbeidslivsseminar.

Tema for årets seminar er Samfunnsfag og humaniora i framtidas arbeidsliv – utfordringar og moglegheiter.

Seminaret er særleg retta mot sosiologi- og historiestudentar og tilsette ved HVL, regionale samarbeidspartnarar, noverande og framtidige praksisplassar og andre som er interesserte i arbeidslivsrelevans i disiplinfag.

Program

(merk at det kan bli endringar)

  • 12.00 – 12.15: Registrering
  • 12.15 – 12.45: Kva kan historie og sosiologi bidra med til samfunnsutviklinga? v/ fagtilsette frå instituttet. Profesjons- og arbeidslivsretta universitet v/ Dag Stenvoll, prosjektleiar for Universitetsprosjektet ved HVL
  • 12.45 – 13.45: Digitalisering og innovasjon i arbeidslivet.  Presentasjonar frå Fylkesarkivet i Vestland, Innovasjon Norge, Nav med fleire
  • 13.45 – 14.00: Pause
  • 14.00 – 15.00: Erfaringar frå arbeidspraksis i sosiologi og historie v/ studentar , mentorar og fagtilsette
  • 15.00 – 15.15: Pause - førebuing til workshop
  • 15.15 – 16.00: Avsluttande panel / workshop

Påmelding

Seminaret er gratis, men du må melde deg på innan 28. februar