Faglunsj: Langtidsverknader av Giardia-smitte

Stord, biblioteket
Time icon
Når:30. januar   11:30
Varer til: 12:15
Legg til i min kalender

I 2004 vart drikkevatnet til Bergen sentrum infisert av parasitten Giardia lamblia. I ei ny doktoravhandling har Sverre Litleskare frå Universitetet i Bergen påvist samanhengar mellom Gardia-smitte og langtidsplager som opplevd matintoleranse tre år seinare, og jamvel irritabel tarmsyndrom, kronisk utmatting og nedsatt livskvalitet heile ti år seinare. I dette føredraget vil Litleskare gå nærare inn på funna i avhandlinga si, og setje dei i samanheng med anna forskning på området, med særleg vekt på temaet irritabel tarmsyndrom.