Faglunsj med bokslepp: Landskapet forteller – 100 historier om Norges geologi
Sogndal, biblioteket
Deta Gasser er berggrunnsgeolog ved HVL, og har bidrege i redaksjonen og som kapittelforfattar i boka Landskapet forteller -100 historier om Norges geologi.
Boka presenterer ulike geologisk interessante delar av landet og kva dei har å fortelje. Boka er tenkt for eit ikkje-geologifagleg publikum.
Ein har høve til å kjøpe boka etter faglunsjen, inntektene går til Norsk Geologisk Foreining.
Vi møter Deta Gasser i samtale med Inger Auestad.
Ver velkomen til faglunsj og ta gjerne matpakka med, så byr biblioteket på Twist, kaffi og te!