Fredagskaffi og foredrag

Haugesund, biblioteket
Time icon
Når:14. desember   14:00
Varer til: 15:00

Imperium, nasjon og revolusjon: Arven frå Sovjetunionen i det 21. hundreåret

I 2018 er det 100 år sidan den første verdskrigen tok slutt. Denne hendinga markerte også at nasjonen erstatta imperiet som den grunnleggjande politiske eininga i Sentral- og Aust-Europa. Men det var eitt unntak, og det var Russland. For størstedelen av det gamle russiske imperiet tok historia ei anna vending – i form av Sovjetunionen. På kva måte var Sovjetunionen eit alternativt svar på den nasjonale utfordringa ved avslutninga av den første verdskrigen? Og korleis pregar arven frå det antiimperialistiske sovjetimperiet Russland og grannelanda i dag?

Forutan kaffi serverer vi spesielt for anledninga russisk te og snacks.

Velkommen til triveleg førjulsarrangement med foredragshaldar Kåre Johan Mjør.