Avlyst: Internasjonal dag i Bergen

Vrimleareal / Mimes Brønn (auditorium)
Time icon
Når:22. april   11:00
Varer til: 15:00
Legg til i min kalender

Internasjonale dagar er utsatt til hausten i forbindelse med utbrotet av koronaviruset. Nye datoar kjem.

Høgskulen på Vestlandet inviterer for første gong til internasjonale dagar på alle campus.

Internasjonale dagar ved HVL skal synleggjere den internasjonale aktiviteten som går føre seg ved HVL, samt inspirere og informere studentar om høve til utveksling i utlandet.

Årets internasjonale dagar set fokus på utveksling til Europa gjennom Erasmus+. Europa har eit mangfald av destinasjonar og moglegheiter. Vel du Europa vel du kortreist og miljøvenleg. Vel du Europa vel du ikkje berre eit land eller ein by, men ein heil verdsdel. HVL set Europa på kartet for utveksling!

Programmet for internasjonale dagar inkluderer musikk, fargerike stands, inspirasjonsmøter, konkurransar, underhaldning og interessante faglege innlegg. Dei internasjonale studentane skal stå på stands for å vise fram sine heimland og heimeuniversitet.

Sjå meir informasjon her.