Panoramabilde av snødekte fjell og blå fjord.

Tysdag 23. april

Denne dagen har vi to parallelle sesjonar, der sesjon 2 er retta mot studentar.

Parallellsesjon I: Klimaekskursjon (hovudprogram)

  • 16.00
    Oppmøte og registrering

    Oppmøte ved busstasjonen vis-a-vis konferansehotellet Quality Hotel Sogndal. Avreise kl. 16.15.

  • 16.30
    Verdas nordlegaste vingard på Slinde

    Orientering, omvising og prøvesmaking. Bjørn Bergum er eigar og omvisar på vingarden. Buss vidare til Leikanger kl. 17.15.

  • 17.30
    Klimaklyngje og samarbeidsmodellar

    Kvifor klimasamarbeid? Korleis vidareføre etablert klimapartnarskap i nye geografiske og organisatoriske strukturar? Statens hus, møterom.

  • 18.00
    Klimavandring frå Statens hus til Henjatunet

    Roar Vangsnes fortel om utviklinga av bygdesamfunnet på Leikanger, og Carlo Aall gjer greie for kva betyding klimaendringane har på eit slikt samfunn. Under vandringa vil mellom anna Stein Harald Hjeltnes frå forsøksgarden på Njøs snakke om fruktdyrking og eit klima i endring.

  • 19.00
    Middag på Henjatunet

    Velkomst av ordførar Jon Håkon Odd og orientering ved Marit Henjum Halsnes om Henjatunet. Korleis driv Henjatunet jordbruk, kulturarv, klyngetun / byggjeskikk og klima og turisme? Servering kl. 19.30. Kortreist underhaldning ved Roar Vangsnes.

  • 22.00
    Buss til Sogndal

    Bussen returnerer frå Henjatunet ca. 22.00. Tilbake i Sogndal litt før kl. 22.30.

Parallellsesjon II: Klimatoppmøte på Damskipkaia Sogndal

  • 19.00
    Klimatoppmøte på Damskipskaien Sogndal

    Masterstudentar ved HVL presenterer masteroppgåvene sine, med høve til spørsmål. Innleiing ved Jan Zeiss (HVL-student) til rundebordsdiskusjon om klimavennlege høgskular/universitet. Det vil vere mogleg å kjøpe middag.

 

.