Dronefoto over Sogndal med fjord og fjell.

Praktiske opplysningar

Under finn du påmeldingsinfo, prisar og overnattingsinformasjon.

#Klimaomstilling2019 på facebook

Tema for årets konferanse er omstillingsval.

Klimaforskarane gir oss 12 år – eller tre kommunestyreperiodar – på å halvere utsleppa om vi skal klare å nå 1, 5 gradersmålet. Kva val må vi ta i dag for at vi skal klare å nå målet, og for å tilpasse oss eit klima i stadig endring?

Målgruppene er tilsette i kommunar og andre offentlege verksemder, politikarar, forskarar, næringslivet, konsulentar og studentar. 

Gjennom konferansen ønskjer vi å tematisere korleis forsking, forvaltning, organisasjonar og næringsliv i samarbeid kan bidra til å klimaomstille samfunnet.

Påmelding

Fristen for å melde seg på konferansen var måndag 8. april. 

Konferanseprisar

Tysdag 23. april

Klimaekskursjon med fagleg program, inkludert transport til/frå Leikanger og to-rettars middag på Henjatunet: Kr 800,-

Toppmøte – studentekskursjon: Kr. 250,-.

Program tysdag 23. april

Onsdag 24. april

Fagleg program og dagpakke: kr 1 000,-

Tre-rettars konferansemiddag utan drikke: kr 525,-

Program onsdag 24. april

Torsdag 25. april

Fagleg program og dagpakke: kr 900,-

Program torsdag 25. april

Overnatting

Overnatting bestiller du direkte på konferansehotellet Quality Hotel Sogndal. E-post: booking.sogndal@choice.noTelefon: 57 62 77 00.  Betaling for overnatting skjer direkte til hotellet ved utsjekk.

Ved bestilling, oppgi referanse «Klimaomstilling» eller «004259» for å få avtalepris:

• Standard enkeltrom inkludert frukost kr 1.282,- per døgn
• Standard dobbeltrom inkludert frukost kr 1.487,- per døgn

Hotellet garanterer ikkje for ledige rom ved bestilling etter 12. mars. 

Anna overnatting

Reiseinformasjon

Båt

Det går ekspressbåt frå Strandkaien i Bergen til Sogndal sentrum. På turen innover Sognefjorden er båten innom både Vik, Balestrand og Leikanger. 

Buss

Hotellet ligg berre 50 m frå Sogndal skysstasjon, der det går ekspressbussar til og frå Oslo og Bergen fleire gonger dagleg. 

Fly

Widerøe har fleire daglege avgangar frå Oslo og Bergen direkte til Sogndal lufthamn. Flyturane tek omlag 30 min frå Bergen og 45 min frå Oslo. Det finst også fleire andre ruter til og frå Sogndal. 

Eigen bil

For informasjon om vegar og køyreforhold sjå sidene til Statens Vegvesen eller ring dei på telefon 175. På fjord1.no finn du ferjeruter for Sognefjorden.