Korleis måling av framgang kan styrke motivasjonen til pasientar

Læringslaben på campus Førde
Time icon
Når:27. september   12:00
Varer til: 13:00
Legg til i min kalender

Mange pasientar, til dømes dei som har hatt slag, må gå gjennom langvarig og slitsam opptrening for å rehabilitere seg. Samstundes som at treningsregimet i seg sjølv er krevjande, slit dei som regel også med angst, depresjonssymptom og utmatting. Korleis gjere denne prosessen betre og meir motiverande?

Måling av framgang kan vere nøkkelen, meiner tre fagfolk frå Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. Jeanette Svartstad er spesialfysioterapeut og har lang erfaring med å følgje opp slagpasientar, mellom anna gjennom nyskapande metodar som involverer dataspel og VR-briller. Erik Kyrkjebø er professor i robotikk, medan Runar Tengel Hovland forskar på tenesteinnovasjon. Saman vil dei tre utvikle eit måleverktøy som kan nyttast til å måle endringar hos pasienten under eit treningsforløp.

Dei møtest til samtale med Christine Øye, prorektor for forsking ved HVL, for å snakke om kvifor dei meiner måling av framgang er så viktig. Dei vil dessutan presentere sin prototype for eit måleverktøy for publikum – ein digital tvilling som animerer utviklinga til pasienten på skjerm. Eit slikt verktøy vil fange opp viktige endringar og gjere det lettare å tilpasse behandlingsopplegget til det pasienten ønsker og treng.

Ta med matpakka - te og kaffi blir servert!