Familiedag: Kva finst under jorda?

Vie andelslandbruk i Førde
Time icon
Når:28. september   13:00
Varer til: 15:00
Legg til i min kalender

Velkommen til myldredag for heile familien på Vie andelslandbruk! Vi vil smake på ugras, lokke på meitemarken, forstå meir om det som veks og sjå på korleis vi legg eit teppe over plantene før vinteren kjem. Vi vil også snakke saman om jorda – kva den betyr for oss.

Vi lever i ei tid der jorda og naturen har blitt meir og meir fjern for dei fleste. Dette har ført oss inn i ei økologisk krise, men kanskje også inn i ei krise som handlar meir om kven vi sjølve er, djupast sett. Om vi menneske skal leve sunt, og om jorda vår skal vere sunn i tida som kjem, er avhengig av at vi blir betre vener med jorda igjen. Det meiner både Marit Bendz, medlem i Vie andelslandbruk, og Elin Ødegaard, professor og barnehageforskar ved Høgskulen på Vestlandet.

Program for dagen:

13.00-13.30: Bli kjent med andelslandbruket. Ulike dugnadsgrupper vil vere på plass i åkeren, ved komposten, i drivhuset og veksttunnelen. Snakk med dei du vil, smak på ugras og ta gjerne eit tak i åkeren om du får lyst!

13.30-14.15: Samling ved faste bed med gartnar Hanna Bruland. Ho fortel om jordhelse og korleis gjere jorda glad ved hjelp av grøngjødsling, ull, jorddekke, gamle siloballar, flis og anna. Ope for spørsmål og diskusjon.

14.15-15.00: Samtale om barn og natur, mold og helse. Elin Ødegaard, barnehageforskar, og Marit Bendz frå Vie andelslandbruk snakkar saman om kva jorda gir oss, kva vi bør gjere for å komme tettare på jorda igjen, og kvifor det er så viktig.