Landscape of Hate (Festspillene i Bergen)

Campus Bergen
Time icon
Når:24. mai   09:00
Varer til: 25. mai 15:00

Landscape of Hate er eit multimediaprosjekt om temaet hatprat. Saman med kanadiske kunst- og kulturforskarar, skal HVL-studentar skape ei framsyning for Cornerteateret 26. mai. Dette er ein del av Festspillene i Bergen.

Det kanadiske teamet bak kunstprosjektet skal halde ein workshop over to dagar på HVL, for å skape multimediemateriale, visuell kunst og lydlandskap til sjølve framsyninga. Her vert elektroniske originalkomposisjonar, lydeksempel, strøymar frå sosiale media og video-projeksjonar mikset saman.

HVL-studentar som vil delta på workshopen – anten ein eller begge dagar – kan melde seg på i dette påmeldingsskjema.

Sjå meir om arrangementet på Festpillene i Bergen sine nettsidar.